Koreakrigen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Koreakrigen er ei nemning på ein krig i Korea frå 1950 til 1953. Nord-Korea fekk støtte av Folkerepublikken Kina og Sovjetunionen, medan Sør-Korea fekk støtte frå USA og fleire andre land i dei sameinte nasjonane (SN).
Noreg sende i 1951 eit mobilt militærsjukehus, det såkalla NORMASH. Ei avtale om våpenkvile vart inngått den 27. juli 1953, men krigen har formelt ikkje teke slutt.
Koreakrigen kan i ettertid sjåast som ein del av den kalde krigen, i og med at kommunistiske land stødde opp om nord, medan kapitalistiske land stødde styrkane frå sør.

Remove ads
Krig
25. juni 1950 gjekk nordkoreanske styrkar over grensa til Sør-Korea. Fleirtalet i Tryggingsrådet, med Sovjetunionen sin representant ikkje til stades ettersom landet på den tida boikotta rådet,[3] vedtok ei oppmoding til regjeringa i Pyongyang om å trekka troppane sine tilbake. Det skjedde ikkje, og same dagen gjekk USA til aksjon for å støtta Sør-Korea.
Seoul fall tidleg i juli 1950, og snart var dei sør-koreanske styrkane pressa ned til den søraustlege kystbyen Pusan. Der blei SN-styrkane forsterka medan amerikanske marinestyrker starta eit motåtak ved Inchon utanfor Seoul. Dette kutta dei nord-koreanske forsyningslinene og gjorde at dei måtte gjera rask retrett.
I november 1950 dukka dei første kinesiske troppane opp i felten, og det kinesiske engasjementet auka sterkt etter kvart. Frontlinja flytta seg både sørover og nordover, men sommaren 1951 stabiliserte SN-styrkane stillingane sine omtrent langs den gamle grensa.
Remove ads
Følgjer
Tala for kor mange ein meiner omkom under Koreakrigen varierer frå 2 til over 3 millionar. Dei fleste kjeldene meiner talet ligg rundt 2,5 millionar. Vel 800 000 soldatar døydde som følgje av krigen (Kina ca. 170 000, Nord-Korea ca. 350 000, Sør-Korea ca. 220 000, SN-styrkane ca. 55 000), medan over halvannan million koreanske sivile blei drepne (Nord-Korea mellom 700 000 og 1 000 000 og Sør-Korea ca. 550v000).
Over 7 millionar koreanarar lever med kjend eller ukjend familie på andre sida av grensa. De fleste har ikkje hatt kontakt siden krigshandlingane slutta.
Mange ungar som var blitt foreldrelause under krigen blei adopterte til vestlege land, mellom anna Noreg. Det finst derfor ei relativt stor gruppe nordmenn av koreansk opphav.
Remove ads
Sjå òg
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads