Migdal i Israel

From Wikipedia, the free encyclopedia

Migdal i Israel
Remove ads

Migdal (hebraisk מִגְדָּל) er ein by i Nordern distrikt i Israel. Han vart grunnlagd i 1910, og fekk lokal kommunestatus i 1949. I 2008 hadde han eit folketal på 1 627.[1]

Kjappe fakta Land, Distrikt ...

Migdal ligg nær Ginosar og kring 8 km nord for Tiberias.[2] Byen ligg ved breidda av Genesaretsjøen med strendene Tamar, Ilanot og Arbel.

Remove ads

Historie

Byen er kalla opp etter den gamle byen Migdala Nunia (arameisk for «fisketårnet»), heimbyen til Maria Magdalena (Lukas 8:2), og ligg like vest for Genesaretsjøen langs vegen mellom Tiberias og Rosh Pina.[2]

Thumb
Bilu-pionerar i Migdal i 1912.

I 1908 slo ei lita gruppe tyske katolikkar, som identifiserte staden som fødestaden til Maria Magdalana, seg ned der.[3] Dei drog derfrå etter eit år og landet vart kjøpt av russiske sionistar, som starta opp ein gard, Ahuzat Moskva (Moskvaeigedomen) i 1910. Denne busetanden låg nær den arabiske landsbyen Al-Majdal. Eit par år seinare vart landet seld til private investorar.[2] Ein arbeidsleir for Gdud HaAvoda-arbeidarar, som bygde vegen Tiberias-Rosh Pina, vart grunnlagd der i 1921.[4]

Remove ads

Arkeologi

I september 2009 vart det utført ei redningsutgraving før bygginga av eit nytt hotell, og det vart avdekt ei gammal synagoge som var datert til år 50-100. Her fann arkeologane ein uvanleg stein med ei utskjering som synte ein sjuarma menora. Dette er den første av sitt slag som vart oppdaga frå tidleg i romartida. I tillegg vart det funne veggar dekorerte med lysfarga freskar.[5]

Sjå òg

  • Al-Majdal
  • Magdala

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads