Menora

From Wikipedia, the free encyclopedia

Menora
Remove ads

Menoraen (hebraisk: מנורה) er eit av dei eldste symbola knytt til jødedomen. Ein menora er ein sjuarma lysestake som var nytta i Tempelet i Jerusalem. Menoraen vart tent av øvsteprestane i tempelet kvar morgon. Yppersteprestane hadde bytta ut den brukte veika og lagt i ny og rein olivenolje. Menoraen brann kontinuerleg.

Thumb
Menora og yarmulk.

I synagoger i dag er det ein lampe kalla Ner Tamid - det evigvarande lys - som er tent heile tida. Dette lyset symboliserer Menoraen som stod i tempelet.

Thumb
Utanfor Knesset står det ei statue forma som ein menora.

Den niarma lysestaken som brenn under Hanukka er ofte forma som menoraen, fordi Hanukka vert feira til minne om mirakelet med menoraens olje som varte i åtte dagar. Israel har tatt i bruk ein menora omgjeven av to olivenblad på sitt riksvåpen.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads