Mikkel Niva
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mikkel Bjørnebo Jensen Niva (fødd 1. oktober 1988) er ein norsk improvisatør, manusforfattar og skodespelar.[1] Han kjem frå Elverum og vaks opp i Sarpsborg.[2]
Remove ads
Bakgrunn og virke
Niva var åtte år gammal då han debuterte på teaterscena. Debutrolla hans var rolla som smånisse i Putti, Plutti Pott, men han hadde større ambisjonar.[3]
Niva er medlem i ensemblet ved Det Andre Teateret, og medverkar som «Kjendis-Niva» i spelpodkasten Samspill.[4] Niva har òg vore med i TV-program som Alt er lov, Brille, Broshow og Torsdag kveld fra Nydalen.[5] I tillegg hadde han ein liten opptreden i programma Adventslekene (i rolla som drittsekk) og Berrum & Beyer.[6][7]
I 2018 sende NRK dokumentar-serien Uten Pappa, som dreia seg om Nivas lengsle etter ein farsfigur.[8]
Niva er òg med i humor-podcasten Friminutt saman med Herman Flesvig.[9]
Niva var programleiar i Julemorgen på NRK i 2016 og leia Sommeråpent i 2017 frå Gran, Flå, Finse, Flåm og Voss saman med Haddy Njie.[10][11] Det same året leia han òg TV-aksjonen 2017[12] og MGPjr 2017.[13] I 2019 leia han Melodi Grand Prix Junior, Sommeråpent, TV-aksjonen og Kvelden før kvelden.[14]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads