Finse
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Finse er ei grend i Ulvik herad i Vestland. Staden ligg ved Finsevatnet på Hardangervidda og har vakse opp rundt Finse stasjon på Bergensbanen.
Finse er ein turiststad og utgangspunkt for turløypa til mellom anna Geiterygghytta, sykkelturar på Rallarvegen og turrennet Skarverennet.
Det fyrste huset vart sett opp på Finse i 1901 i samband med bygginga av Bergensbanen, og i 1903 opna det fyrste hotellet. Den fyrste innandørs ishallen i Noreg opna på Finse i 1914. På det meste budde det opp mot 200 personar på Finse og staden hadde eigen skule og butikk heilt opp til slutten av 1980-talet. Dei fleste som budde der hadde arbeidet sitt i NSB og då dei kutta ned på arbeidsstokken og drifta utover 1960- og 70-talet førte det til fråflytting. I dag er det berre eit fåtal fastbuande att, og dei er stort sett sysselsette i hotelldrifta.
Remove ads
Fotografi
- Finse vinterstid
- Passasjertog på Finse, sommaren 2004
- Frå Finse
Bakgrunnsstoff
Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads