Minerva Piha
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Minerva Maaria Piha er ein finsk språkforskar, fennougrist og arkeolog. Ho arbeider innafor det nye paradigmet innafor samisk språkhistorie og har spesielt sett på sørsamisk språkhistorie og tilhøvet mellom språkhistorie og arkeologi.
Dei to artiklane ho har skrive i lag med Jaakko Häkkinen (2020, 2023) er dei til no einaste artiklane som tar for seg oppsplittinga av den samiske språkfamilien i ulike einskildspråk på ein systematisk måte, tidlegare litteratur la vekt dels på tilhøvet mellom ursamisk og nordsamisk og dels på skiljet mellom nordsamisk og austsamiske språk. Artikkelen frå 2022, skrive i lag med Mikko Heikkilä og Jaakko Häkkinen er ei metodologisk drøfting av skilnaden mellom språkvitskap og arkeologi for utforskinga av språk og etnisitet i fortida.
Piha er førsteamanuensis ved Fakultet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag ved Nord universitet.
Remove ads
Bibliografi (utval)
- 2020: Minerva Piha ja Jaakko Häkkinen: Kantasaamesta eteläkantasaameen. Lainatodisteita eteläsaamen varhaisesta eriytymisestä. Sananjalka 62:102-124
- 2022: Piha, Minerva; Mikko Heikkilä and Jaakko Häkkinen. Comment on the Article Archaeology, Language, and the Question of Sámi Ethnogenesis.. Acta Archaeologica 2022 ;Volum 93.(2) s. 456-470
- 2023: Häkkinen, Jaakko; Piha, Minerva. Kantasaamesta eteläkantasaameen, osa 2. Äännehistorian todisteita eteläsaamen varhaisesta eriytymisestä.. Sananjalka 65 s. 7-30.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads