Nord universitet
universitet i Nord-Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nord universitet er eit norsk statleg universitet skipa 1. januar 2016 ved at Universitetet i Nordland, Høgskolen i Nesna og Høgskolen i Nord-Trøndelag vart slegne saman. Nord universitet har hovudsete i Bodø og studiestadar i Stokmarknes, Bodø, Mo i Rana, Nesna, Sandnessjøen, Namsos, Steinkjer, Levanger, Verdal og Stjørdal. Talet på tilsette er ikring 1 200, og talet på studentar ikring 12 000.

Remove ads
Fakultet
Universitetet har desse fakulteta med gradsstudiar (2017–2018):[1]
Fakultet for biovitskap og akvakultur
- studiestad Bodø:
- doktorstudiar i akvatisk biovitskap
- masterstudiar i biologi og akvakultur
- baccalaurusstudiar i dyrevitskap, biologi, dyrepleie, havbruksdrift og leiing, og internasjonal marknadsføring
- studiestad Steinkjer:
Fakultet for samfunnsvitskap
- studiestad Bodø:
- doktorstudiar i sosiologi
- masterstudiar i leiing av menneskelege resursar (HRM) og samfunnsvitskap
- baccalaurusstudiar i barnevern, historie, HRM, internasjonale relasjonar, journalistikk, nordområdestudiar og sosialt arbeid
- studiestad Mo i Rana:
- baccalaurusstudiar i sosialt arbeid
- studiestad Steinkjer:
- masterstudie i samfunnsvitskap
- baccalaurusstudiar i 3D-kunst, film- og TV-produksjon, geografi, kommunal økonomi og leiing, spel og opplevningsteknologi
Handelshøgskolen Nord
- studiestad Bodø:
- doktorstudiar i bedriftsøkonomi
- masterstudiane MBA og siviløkonom
- baccalaurusstudiar i eigendomsmekling, rekneskap, og økonomi og leiing
- studiestad Mo i Rana:
- masterstudiet MBA i teknologileiing
- baccalaurusstudiar i informasjonssystem, og økonomi og leiing
- studiestad Stjørdal:
- masterstudiet MBA
- baccalaurusstudiar i trafikkpedagogikk, og økonomi og leiing
- høgskolekandidatstudie for trafikklærarar
Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag
- studiestad Bodø:
- doktorstudiar i profesjonspraksis
- masterstudiar for grunnskolelærarar, lektorutdanning, logopedi, praktisk kunnskap, og tilpassa opplæring
- baccalaurusstudie for barnehagelærarar
- studiestadane Stokmarknes, Nesna og Namsos:
- masterstudiar for grunnskolelærarar
- studiestad Levanger:
- masterstudiar for grunnskolelærarar, kroppsøving- og idrettvitskap, kunnskapleiing, lektorutdaning i kroppsøving og idrettsfag, musikk, offentleg administrasjon (MPA), psykisk helsearbeid
- baccalaurusstudier for barnehagelærarar, musikklærarar, musikkpedagog og formidlar i kulturskolen, i idrettsvitskap
- studiestad Verdal:
- baccalaurusstudiar i teaterproduksjon og skodespelarfag
Fakultet for sjukepleie og helsefag
- studiestadane Bodø, Mo i Rana, Sandnessjøen og Levanger:
- baccalaurusstudiar for sjukepleiarar
I tillegg kjem årsstudiar og ei rekkje kortarere kurs.
Rektor har ansvaret for både den faglege verksemda, og for det administrative og økonomiske.
Remove ads
Rektorar
- 2016–2019: Bjørn Olsen[2]
- 2019– : Hanne Elenora Solheim Hansen
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads