Samisk språkhistorie

From Wikipedia, the free encyclopedia

Samisk språkhistorie
Remove ads

Samisk språkhistorie er historia til dei samiske språka, frå tida då det finsk-samiske urspråket vart splitta i eit nordleg samisk og eit sørleg austersjøfinsk urspråk, for omtrent to og eit halvt tusen år sidan.

Thumb
Tittelbladet til avhandlinga frå 1770 av János Sajnovics som viser at samisk er i slekt med ungarsk, Demonstratio idioma ungarorum et lapponum idem esse.

Den eldste språklege kjelda for noko samisk språk er frå 1557, men dei første samiske tekstane er sørsamiske, ei ABC-bok og ei messebok frå 1619. Dei samiske språka har endra seg relativt lite sidan dette, og vi reknar at moderne samisk tar til då. Språkhistoria fram til då baserer seg på metodar frå samanliknande språkforsking, og har som mål å rekonstruere urspråket samisk delte med dei austersjøfinske språka og utviklinga via ursamisk til dei samiske språka vi har i dag.

Remove ads

Det finsk-samiske urspråket

Det finsk-samiske urspråket vart snakka i den vestlege delen av det uralske språkområdet før uralarane kom i kontakt med baltiske og germanske jordbrukarar. Språket var i nær slekt med fleire språk i aust, merja, muroma som no er utdøydd, men som vi kjenner frå samtidige russiske kjelder, og dei mordvinske språka.

Frå det felles finsk-samiske urspråket til ursamisk

Thumb
Sørgrensa for det samiske språkområdet i Finland, etter T.I. Itkonen 1947

Ved byrjinga av tidsrekninga vår fekk den sørlege delen av det finsk-samiske urspråket kontakt med germanarar og baltarar. Dette går fram av ei rekkje lånord i uraustersjøfinsk som ikkje finst i samisk, kombinert med at dei to språka tar til å utvikle seg i ulike retningar. Som resultat av denne påverknaden migrerte talarar av ursamisk nordover, og kom i kontakt med talarar av eitt eller fleire språk som ikkje var i slekt med samisk. Spora etter desse språka er synlege i det samiske ordforrådet den dag i dag.[1]

Dei samiske språka gjekk gjennom ei lang rekke både lydovergangar og grammatiske endringar i perioden frå ca. år 0 til år 1500.[2] Det har vore færrast endringar i utkantane av språkområdet. I dei austsamiske språka er det fleire konsonantgrupper som har forsvunne i vestleg samisk, og i sørsamisk er bøyingsendingane betre bevart enn i dei andre språka. Sørsamisk har heller ikkje gått gjennom den grunnleggjande lydendringa stadieveksling, som er karakteristisk både for samiske språk lenger nord og aust, og for austersjøfinsk (unnateke det sørlege livisk, som også er meir konservativ på dette punktet).

Tidfestinga av oppsplittinga av det felles finsk-samiske urspråket i  uraustersjøfinsk og ursamisk til for 2000 år sidan er eit syn forskinga kom fram til på 1990-2000-talet, argumentert for framfor alt av Ante Aikio, Petri Kallio og Mikko Heikkilä, basert både på eiga forsking og på grunnarbeid utført av Jorma Koivulehto[3]. Det tradisjonelle synet finn vi hos Mikko Korhonen og Pekka Sammallahti. Korhonen[4] tidfestar det samisk-finske urspråket (varhaiskantasuomi) til 1500-1000 f.Kr. og det samiske urspråket (kantasaame) til perioden 1000 f.Kr.-700 e.Kr. Sammallahti si periodisering er enno breiare, han sett den ursamiske perioden f.o.m. 1500 f.Kr.[5] Korhonen sitt argument for denne tidfestinga er likevel arkeologisk og ikkje språkvitskapleg, med unntak av tidfestinga hans av slutten av ursamisk tid, som han legg slutten av den urnordiske perioden. Det første arbeidet over samisk-germanske kontaktar var av Just Qvigstad, som konkluderte med at dei språklege låna berre gjekk attende til vikingetida[6]. Forskinga har med andre ord på den eine sida funne eldre og eldre germanske, baltiske og indoiranske lånord i samisk, og på den andre sida flytta oppsplittinga av det finsk-samiske urspråket framover i tid.

Remove ads

Ursamisk

For meir om dette emnet, sjå Ursamisk.
Thumb
Kukkasjärvi aust for Tammerfors. Namnet kjem av eit samisk namn som betyr Langsjøen (jf. nords. guhkes, 'lang'), og viser at samisk tidlegare var utbreidd i dette området.

Ursamisk, eller det samiske urspråket er det urspråket som alle samiske språk stammar frå. Dette språket vart sannsynlegvis snakka i det sørlege og sørvestlege Finland og Karelen i tida rundt byrjinga av tidsrekninga vår. Området har gått så langt sør som til sør for Lahti og Tammerfors sør i Finland.[7] T.I. Itkonen vurderer at sørgrensa for det samiske språkområdet gjekk sør for Tammerfors så seint som på 1200-talet, og at ho deretter har vorte flytt jamnt nordover i takt med den finske ekspansjonen nordover. Det som har skjedd har vore at finske jordbrukarar har flytta nordover, og at samane har vorte assimilert etter kvart som dei meir talrike jordbrukarane har flytta inn.[8]

Eit prov på det har vi frå stadnamnsforskinga. Fleire sjøar i Sør-Finland heiter Kukkasjärvi, der førsteleddet minnar om ordet kukka, 'blome'. Men alle sjøane som heiter dette er langstrekte i forma, og namnet går attende til det samiske ordet for 'lang' (jf. nordsamisk guhkes 'lang').[9] Store delar av det samiske språkområdet vil vi neppe få meir kunnskap om, unnteken eventuell informasjon frå forsking på hydronym, stadnamn og liknande.

Oppsplittinga av ursamisk

Det er to teoriar for oppsplittinga av ursamisk. Den eine, og tradisjonelle teorien, er at språkfamilien først vart delt i to, i vestsamisk (dvs. nordsamisk og vestover) og austsamisk (enaresamisk og austover, inkludert kemisamisk, som også var eit austsamisk språk). Den beste framstillinga av dette synet er Sammallahti 1989. Den andre teorien er at språkfamilien først vart delt i to ved ei todeling i **sørsamisk** i vid forstand (dvs. gävlesamisk, sørsamisk og umesamisk) på den eine sida og alle andre samiske språk på den andre. Argument for dette er gjeve av Jaakko Häkkinen og Minerva Piha (Häkkinen og Piha 2020, Piha og Häkkinen 2023).

Den tradisjonelle teorien legg vekt på lydmessige skilnader, særleg på utviklinga av ulike ursamiske lydsamband, som ursamisk š́ (palatal š) i lydsambanda š́t, š́k og š́n. Desse vart bevart i aust, mens š́ i desse konsonantsambanda gjekk over til jh i vest: for "foss, stryk" har vi goejhke i sørsamisk og guoika (bokstaven i blir uttalt j etter vokal) i nordsamisk, men kuoškâ i enaresamisk og кӯшшк (kuuššk) i kildinsamisk[10].

Andre sentrale språkdrag for dette synet er dissimilasjonen av mm, nn, ńń, ŋŋ, som i vest vart endra til pm, tn, tń, kŋ, t.d. nords. bátni "tann", enares. pääni, og skilnader i stadivekslinga. I aust er det ein kvalitativ stadieveksling av frikativar jf. nordsamisk bassat : basan skoltesamisk põõssâd : põõzzam "å vaske : eg vaskar". Vekslinga i aust er kvalitativ, frå ustemt til stemt (ss:zz), men i vest kvantitativ (ss:s)[11]

Det nye synet på inndelinga av dei samiske språka legg vekt både på grammatiske og leksikalske trekk. Den sørlege gruppa er konservativ, og skil seg på mange måtar frå alle dei andre samiske språka:

Denne oppdelinga kan ha skjedd allereie frå tida då samisk vart snakka i sør-Finland. Til tidfestinga av oppsplittinga av dei samiske språka kan vi bruke lånord: Eit urgermansk lånord som nords. skálžu vs. skoltesamisk kāllǯ (frå urnordisk *skaljō. Sluttvokalen viser at lånet er frå før synkopetida (700-talet), og skilnaden k- i aust vs. sk- i vest viser at dei ursamisk må ha vorte delt opp i ulike språk allereie tidlegare.[13]


Remove ads

Moderne samisk

Thumb
Tittelblad for den førsta trykte boka på samisk, «ABC Book på Lappesko Tungomål». Boka er frå Sverige (1619).

Dei første oppteikningane av samisk er frå 1557[14] då ein engelsk sjøfarande, Stephen Borough,[15] skreiv opp ei liste på 95 samiske ord på Kolahalvøya.[16] Lista vart offentleggjord i 1589 av Richard Hakluyt.[17][18]

Samisk vart skriftfesta i 1619, som det femte av dei uralske språka, etter ungarsk, komi, finsk og estisk. Dei samiske språka har endra seg relativt lite etter dei første samiske publikasjonane, og derfor kallar ein dei samiske språka frå 1619 og framover for moderne samisk.[19] Dei første tekstane var religiøse tekstar på umesamisk, gjevne ut i Sverige.

I Noreg kom dei første tekstane i form av Knud Leem sine ordbøker (1768) og grammatikk (1748) for nordsamisk. Språkforskaren Rasmus Rask reviderte Leem si rettskriving i 1832, og det er Rask sin måte å skrive på som har danna grunnlaget for dei seinare nordsamiske rettskrivingane, og til ein viss grad også for enare- og skoltesamisk. Ut over 1800-talet vart nordsamisk teke i bruk i konfirmasjonsundervisning og skoleverk med J.A. Friis si rettskriving, ei utvikling som kulminerte med utgjevinga av den nordsamiske bibelen i 1896. Tidsskriftet Nuorttanaste, som kom ut frå 1898 og i over 100 år framover, brukte rettskriving-normen frå 1896-utgåva av Bibelen.

I 1948 fekk nordsamisk for første gang ein ortografi som vart godkjend i to land, med Bergsland og Ruong sin ortografi for Noreg og Sverige.[20] På grunn av den harde fornorskingspolitikken i perioden vart ortografien relativt lite brukt. Med gjennomføringa av ein ny samepolitikk spesielt i Noreg frå 1980-talet av vart den felles nordsamiske ortografien for Noreg, Sverige og Finland frå 1979[21] langt meir brukt.

Etter Alta-aksjonen og opprettinga av Sametinget fekk samisk offisiell status i fleire kommunar i dei samiske områda, jamfør oversynet over samiske kommunar.

Remove ads

Bibliografi

Dette oversynet viser litteratur om samisk språkhistorie

Ressurssider

Tida før moderne samisk

Den moderne samiske perioden

  • Magga, Ole Henrik 1994: Hvordan den nyeste nordsamiske rettskrivingen ble til. Festskrift til Ørnulv Vorren s. 269-281. Tromsø : Tromsø museum, Universitetet i Tromsø.
  • Ruong, Israel og Knut Bergsland 1947: Rettskrivning for det fellessamiske bokspråket. 1947. Oslo: Stensiltrykk.
  • Trosterud, Trond 2008: Language Assimilation During the Modernisation Process: Experiences from Norway and North-West Russia. Acta Borealia Volume 25.(2) p. 93-112
  • Trosterud, Trond 2020: Samiske bokutgjevingar i Noreg – eit uttrykk for norsk samepolitikk? Samiske tall forteller 13 s. 85 - 102.
Remove ads

Referansar

Kjelder sitert i artikkelen

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads