Mingulay
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mingulay (skotsk-gælisk Miughalaigh) er ei øy i Atlanterhavet, i Ytre Hebridane på vestkysten av Skottland. Mingulay er den nest største av Barra Isles, øyane sør for Barra. Mingulay er òg den nest sørlegaste av alle øyane i dei ytre Hebridane, berre Barra Head ligg lenger sør. Det høgaste punktet på Mingulay er Càrnan som er 279 meter over havet.

Foto: Paul Store
Mingulay har vore busett sidan jernalderen, men vart fråflytta i 1912. I dag vert øya nytta som utmarksbeite for sau.
Øya er kjent for sine hekkande sjøfuglar, særleg lundefugl, krykkje og alke.
Mingulay er i dag eigd av National Trust for Scotland.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Mingulay» frå Wikipedia på bokmål, den 3. mars 2010.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads