Mister Pleasant

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Mister Pleasant» er ein song av The Kinks frå 1967, skriven av Ray Davies. Han vart gjeven ut som singel i USA og Europa utanom Storbritannia. Seks månader seinare kom han ut som B-sida til singelen «Autumn Almanac» i heimlandet.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen har ein tekst i same gate som den tidlegare songen «A Well Respected Man», men med ein enno meir engelsk varietéstil og trad-jazz-liknande akkompagnement. På grunn av dette gjorde ikkje singelen det særleg bra i USA, der han berre nådde 80. plass. I Europa gjorde han det langt betre, særleg i Nederland (andreplass) og Belgia (tredjeplass).

Remove ads

B-sider

Medan den amerikanske B-sida «Harry Rag» kom ut på det komande albumet Something Else by The Kinks kom ikkje den europeiske B-sida «This is Where I Belong» ut verken i Storbritannia eller USA. Songen vart spelt inn under innspelinga av Face to Face.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads