Olavsstake
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Olavsstake (Moneses uniflora) er ein om lag 10 cm høg eviggrøn plante med små lysgrøne blad og kvite nikkande blomstrar på opprett stengel. Han blei tidlegare rekna til vintergrønfamilien men er no rekna som del av lyngfamilien. Arten er den einaste i slekta Moneses.
Blomsterkrona er reint kvit og har form som ei femtakka stjerne. Blomsteren har gule støvberarar, og han har ein intens krydderduft. Olavsstaken formerer seg kjønna, ved sjølvbestøving eller ukjønna ved hjelp av lange utløparar.
Olavsstake er vanleg i moserike skogar over heile Skandinavia. Han veks opp til 1080 moh. i Hemsedal. I Danmark er han sjeldan. Elles er han utbreidd sirkumpolart frå Europa gjennom Sibir til Nord-Amerika. Sør i utbreiingsområdet veks han helst i fjelltraktar.
I Sverige vert han kalla ögonljus eller ögonpyrola; namnet har samanheng med at planten har vore bruka som lækjemiddel mot augesjukdommar. Det er usikker om det norske namnet har folkeleg tradisjon eller om det er eit nylaga namn.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads