Money Honey av Clyde McPhatter and The Drifters
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Money Honey» er ein song skriven av Jesse Stone,[2] og gjeven ut i september 1953 av Clyde McPhatter akkompagnert for første gongen av det nye bandet Drifters. Røysta til McPhatter, men ikkje namnet, var blitt kjend som songaren for Billy Ward and the Dominoes. Songen vart raskt ein hit og låg på rhythm and blues-lista i USA i 23 veker, der han nådde toppen.[3] Rolling Stone rangerte songen på 252. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.[2] Innspelinga hadde i 1968 seld over to millionar eksemplar.[4]
Remove ads
Innspeling
Songen vart spelt inn 9. august 1953 i Atlantic Studios med Clyde McPhatter (solovokal), Bill Pinkney (baryton), Andrew «Bubba» Thrasher (andretenor), Gerhart «Gay» Thrasher (høg tenor) og Willie Ferbie (bass). Walter Adams var gitaristen på innspelinga.[1]
Andre som var med på innspelinga var Mickey Baker på gitar[5] og Sam «the Man» Taylor på tenorsaksofon.[6] Arrangementet startar med ein sekkepipe-liknande tone frå Drifters, før det vert sett i gang ein shufflerytme. Røysta til McPhatter er klår og lys, og midt i saksofonsoloen gjev han eit høgt skrik.
Remove ads
Andre versjonar
- I 1956 vart songen spelt inn av Elvis Presley for debutalbumet hans Elvis Presley.[7]
- Songen vart spelt inn av Eddie Cochran på konsert i 1959[8] og denne vart gjeven ut i 1999 på albumet The Town Hall Party Shows.
- The Hollywood Flames gav ut ein versjon som B-sida til singelen deira «My Heart's on Fire» frå 1960.[9]
- Clyde McPhatter spelte inn songen på ny for Mercury og albumet Lover Please i 1962.
- Little Richard spelte inn songen for his 1964 Vee-Jay Records album, Little Richard Is Back (And There's a Whole Lotta Shakin' Goin' On!)
- Gitaristen Davy Graham spelte inn melodien i 1966 på albumet Midnight Man.
- The Jackson 5 spelte songen for Motown i 1971 - 1975. Songen vart sidan gjeven ut i plateboksen Soulsation! i juni 1995.
- Songen vart spelt av Ry Cooder i 1972 på albumet Into the Purple Valley.[10]
- Gary Glitter spelte inn songen i 1973 for albumet Touch Me.
- The Sensational Alex Harvey Band spelte inn songen i 1974 på albumet The Impossible Dream.
- The Coasters gav ut ein versjon av songen.[11]
- Kristin Berglund gav ut songen på det andre albumet sitt, Long Distance Love (1979).[12]
- Aaron Neville spelte inn «Money Honey» for albumet My True Story frå 2013.
- 38 Special spelte inn songen i 1980 på albumet «Rockin' Into The Night».[13]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads