Gary Glitter
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gary Glitter (fødd Paul Francis Gadd, 8. mai 1944)[1][2] er ein engelsk glamrockmusikar og låtskrivar.
Glitter vart først kjend i glamrocktida tidleg i 1970-åra. Han hadde mange hittar i Storbritannia i 19790-åra, som «Rock and Roll, Parts One and Two», «I Love You Love Me Love», «I'm the Leader of the Gang (I Am)» og «Hello, Hello, I'm Back Again». Mellom 1972 og 1995 hadde Glitter i alt 26 hitsinglar som låg totalt 180 veker på Topp 100 i Storbritannia.[3] Han heldt fram karrieren i 1980- og 1990-åra, og hadde ein stor hitt i 1984 med «Another Rock N' Roll Christmas».[4] Han har gjeve ut i alt sju studioalbum, og minst 15 samle- og konsertalbum. I 1998 vart songen hans «Rock and Roll» ført opp som ein av dei 1001 beste songane i musikkhistoria.[5] Den nesten instrumentale «Rock and Roll, Part 2» vore ein populær jubelsong under amerikanske sportshendingar.
I 1999 vart Glitter dømd for å eige barnepornografi i Storbritannia,[6] og seinare dømd i Vietnam for utukt mot mindreårige jenter.
Remove ads
Studioalbum
- (1972) Glitter Nr. 8 UK; Nr. 2 Australia
- (1973) Touch Me Nr. 2 UK; Nr. 2 Australia
- (1975) G. G.
- (1977) Silver Star
- (1984) Boys Will Be Boys
- (1991) Leader 2
- (2001) On
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads