Elvis Presley av Elvis Presley

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Elvis Presley (gjeve ut i Storbritannia som Elvis Presley Rock n' Roll[6]) er det første studioalbumet til Elvis Presley. Det vart gjeve ut på RCA Victor i mono i mars 1956. Innspelingane fann stad 10. og 11. januar i RCA Victor sitt platestudio i Nashville i Tennessee, og så 30. og 31. januar i RCA Victor sine studio i New York. I tillegg inneheldt albumet songar som vart spelt inn i Sun Studio i Memphis i Tennessee, den 5. juli, 19. august og 10. september 1954 og den 11. juli 1955.[7]

Meir informasjon -kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Albumet låg ti veker på toppen av Billboard Top Pop Albums-lista i 1956, det første rock and roll-albumet som nokon gong nådde toppen av denne lista,[8] og det første albumet innan sjangeren som selde ein million eksemplar.[9] I 2003 vart det rangert på 56. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidenen.[10] Elvis Presley var òg eitt av tre Presley-album som vart oppført i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die, i lag med Elvis Is Back! og From Elvis in Memphis.[11] Det selde til gullplate 1. november 1966 og platinaplate 8. august 2011 hos Recording Industry Association of America.[12]

Remove ads

Innhald

I andre halvdel av 1955 byrja singlane Presley spelte inn hos Sun Records å klarte på den nasjonale country and western-lista, «Baby Let's Play House» og «I Forgot to Remember to Forget» so nådde høvesvis 5. og 1. plassen.[13] Colonel Tom Parker, den nye manageren til Presley hadde lang erfaring med RCA via den tidlegare klienten sin, songaren Eddy Arnold, særleg med sjefen for Country and Western- og Rhythm and blues-avdelinga, Steve Sholes.[14] Etter oppfordring frå Parker, kjøpte Sholes den 21. november 1955 kontrakten til Presley frå Sam Phillips, sjefen for Sun Records og Studio, for ein uhøyrt sum på 35 000 dollar. Presley og rock and roll hadde enno ikkje slått an og var stort sett ukjend for dei store plateselskapa, men dette albumet, og hitsingelen «Heartbreak Hotel», synte det store potensialet. Det vart det første popalbumet til RCA som tente meir enn ein million dollar,[9] og i 1966 hadde det seld over ein million eksemplar.[9][15]

Presley spelte fire veker på rad på fjernsynsprogrammet til Dorsey Brothers, Stage Show tidleg i 1956, den 28. januar, 4., 11. og 18. februar.[16] RCA ønskte å få eit album ut i butikkane raskt for å utnytte TV-sendingane og suksessen til den første hitsingelen «Heartbreak Hotel», som raskt klatra til toppen av singellista den 27. januar. Samstundes hadde Presley berre hatt to innspelingssesjonar for RCA Victor, før han drog ut på turné att. Desse to innspelingane hadde gjeve elleve songar, nesten nok til å fylle eit album, men somme av songane hadde singelpotensiale. I 1950-åra var det vanleg at dei songane som hadde størst kommersielt potensiale vart gjevne ut som singlar, og dei mindre kommersielle vart plasserte på albuma. RCA Victor tok derfor ikkje berre desse elleve songane og laga eit album, eller tok med den alt populære «Heartbreak Hotel». Rettane til Sun Studio-innspelingane til Presley vart overført til RCA då dei fekk kontrakten hans, så fem Sun-songar som ikkje var gjevne ut før, «I Love You Because», «Just Because», «Tryin' to Get to You», «I'll Never Let You Go (Little Darlin')» og «Blue Moon» vart lagt til sju av songane frå RCA-innspelinga, slik at albumet fekk ei akseptabel lengd.[9] Phillips produserte innspelignane ved Sun, men det vart ikkje oppført ein offisiell produsent for innspelingane for RCA Victor, og ein trur at Presley kan ha produsert dei sjølv.[17]

Sidan Sun-innspelingane stort sett var country-songar, valde Elvis og RCA ut coverversjonar av nylege rhythm and blues-songar for resten av albumet. To av desse, «Money Honey» av Jesse Stone, kjend for Elvis frå ein versjon av Clyde McPhatter, og Ray Charles-hitten «I Got a Woman» frå 1955, hadde blitt spelt på konsertane til Presley det siste året.[18] Ein tredje cover var Little Richard-songen «Tutti Frutti» frå 1955. Ein rockabillysong ein trudde hadde potensialet til å bli ein stor hit, «Blue Suede Shoes», vart først ikkje gjeve ut på singel då Sholes hadde lova til Sam Phillips å verne karrieren til ein annan Sun-artist, Carl Perkins, som hadde skrive songen.[19] I staden vart songen plassert som opningssporet på albumet.

31. august 1956 gjekk RCA Victor til det uvanlege steget å gje heile albumet ut på singlar, noko som utan tvil var medverkande til at den nye singelen, som kom samstundes, «Shake, Rattle and Roll» med «Lawdy Miss Clawdy», ikkje gjekk inn på listene. «Blue Suede Shoes», vart gjeven ut som ein singel som ein del av dette eksperimentet til RCA, og dei heldt lovnaden til Phillips og Perkins sidan det var gått meir enn åtte månader sidan songen kom ut på Sun. Singelen nådde 20. plassen på singellista. RCA gav ut dei originale 12 songane i falsk stereo på CD i 1984. Denne utgåva vart raskt trekt attende og albumet kom ut på ny i den originale mono-lyden. I 1999 vart albumet gjeve ut på ny med ei anna rekkefølgje på songane og seks bonusspor frå tre singlar, inkludert «Heartbreak Hotel» og «I Want You, I Need You, I Love You». I 2005 vart albumet gjeve ut på ny og remastra med DSD-teknologi og dei seks bonusspor lagt til på slutten. Ei dobbel utgåve kom ut på Follow That Dream den 15. august 2006 med fleire bonusspor og alternative versjonar.

Remove ads

Plateomslag

Plateomlaget vart rangert på 40. plass på lista til Rolling Stone over dei 100 beste plateomslaga, som vart publisert i 1991.[20] Fotografiet vart teken i Fort Homer Hesterly Armory i Tampa i Florida, den 31. juli 1955.[21] Først trudde ein at Popsie Randolph tok det ikoniske biletet, sidan han var den einaste fotografen som var omtalt på omslaget, men i august 2002 dokumenterte Joseph A. Tunzi at den eigentlege fotografen var William V. «Red» Robertson frå Robertson & Fresch. Popsie-bileta var på baksida av albumet, teken i New York City tidleg i desember 1955, kort tid etter Presley hadde signert for RCA Victor.

Designet vart kopiert av The Clash i 1979 for omslaget til albumet London Calling. Dette albumet låg på 39. plassen på lista til Rolling Stone. Andre artistar som har kopiert omslaget er Tom Waits i 1985 på Rain Dogs, Distorted Dimensions av Mad Sin i 1990, F-Punk av Big Audio Dynamite i 1995 og Reintarnation i 2006 av k.d. lang. Singelomslaget til den kontroversielle singelen «Tony Blair» av Chumbawamba har òg eit liknande design.

Remove ads

Medverkande

Innhald

Originalutåva

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

1999-utgåva med bonusspor

Meir informasjon Nr., Tittel ...

2005-utgåva med bonusspor

Same innhaldet som 1999-utgåva, men med songane i same rekkefølgja som på originalplata, etterfølgd av dei seks bonusspora.

2006-utgåva frå FTD

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Legacy Edition-utgåva frå 2011

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Lister

Meir informasjon År, Lister ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads