Monte Basòdino
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Monte Basòdino er eit 3 272 meter høgt fjell i Lepontin-Alpane. Fjellet ligg på grensa mellom kantonen Ticino i Sveits og regionen Piemonte i Italia.
Fjelltoppen vart kliven fyrste gongen den 3. september 1863 av eit taulag frå Airolo som gjekk den vegen som i dag er normalrute for ein tur til topps.
Fjelltoppen er eit ynda mål for fjellklivarar og skigåarar. Normalruta går over ein isbre som strekker seg på nordaustsida av toppen, og til sist langs austegga. Andre oppstigingsruter går over Kastellücke i nordvest, på sørsida av austryggen og langs Passo d’Antabia sør for hovudtoppen. Den siste vert sjeldan kliven, og ein treng sikringsutstyr.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Monte Basòdino» frå Wikipedia på tysk, den 14. desember 2009.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads