Monte Vulture

From Wikipedia, the free encyclopedia

Monte Vulturemap
Remove ads

Monte Vulture er ein utdøydd vulkan 56 km nord for byen Potenza i regionen Basilicata i Italia. Som eit framtredane landemerke gav det namn til Vultureområdet, det viktigaste vinområdet i Basilicata der vinen Aglianico del Vulture vert produsert.

Kjappe fakta Land, Fjelltype ...

Med ei høgd på 1 326 meter over havet er han unik blant dei italienske vulkanane sidan han ligg aust for Appenninane. Ved toppen ligg ein kaldera kalla Valle dei Grigi.

Dei tidlegaste utbrota til vulkanen oppstod for rundt ein million år sidan med eksplosiv aktivitet som produserte ignimbritt. Den eksplosive utbrotsfasen tok slutt for rundt 830 000 år sidan då lava velta ut og bygde opp fjellet fram til rundt 500 000 år sidan.

I nyare tid er det spor etter freatisk utbrot fram til rundt 40 000 år sidan, som produserte maarar og små pyroklastiske straumar.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Monte Vulture


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads