Monte Yoho
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bryon Lamont «Monte» Yoho (fødd 6. desember 1952) er ein amerikansk southern rock- og countrymusikar. Han er mest kjend som trommeslagar i gruppene Outlaws og Blackhawk.
Yoho gjekk på skule i lag med Hughie Thomasson og dei to vart nære vener.[1] Yoho spelte som studiomusikar seint i 1960-åra, mellom anna for The Bellamy Brothers.[1][2]
I 1969 møtte Yoho Billy Jones medan han haika heim frå Atlanta Pop Festival. Under køyreturen avgjorde dei å skipe eit band i lag. Resultatet vart The Dave Graham Group, med Jones og Dave Graham på gitar, Roy Holly på bass og Yoho på trommer. Kvartetten samarbeidde ofte med det Thomasson-leia bandet The Outlaws.
Remove ads
Outlaws
Etter fleire besetningsendringar og eit brot, valde Thomasson å skipe Outlaws på ny i 1972.[3][4] Thomasson vart solovokalist og ein av tre gitaristar. Den opphavlege trommeslagaren var Billy Jones, men Thomasson var imponert over korleis Allman Brothers Band brukte to sologitaristar, og overtydde Jones om å spele gitar i staden. Yoho vart dermed trommisen i bandet.[3]
Diskografi
Studioalbum
- Med The Outlaws
- Outlaws (1975)
- Lady in Waiting (1976)
- Hurry Sundown (1977)
- Playin' to Win (1978)
- Bring It Back Alive (1978)
- In the Eye of the Storm (1979)
- It's About Pride (2012)
- Med The Henry Paul Band
- Grey Ghost (1979)
- Feel the Heat (1980)
- Anytime (1981)
- Med BlackHawk
- For the Sake of the Song (2009)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads