Mother’s Little Helper
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Mother’s Little Helper» er ein song av The Rolling Stones. Han kom først ut på den britiske utgåva av albumet Aftermath frå 1966.
Songen er skriven av Mick Jagger og Keith Richards og spelt inn i Los Angeles frå 3. til 8. desember 1965. Songen omhandlar dei mørkare sidene av misbruk av reseptbelagt medisin hos husmødre.
« | Kids are different today / I hear ev’ry mother say / Mother needs something today to calm her down / and though she’s not really ill / There’s a little yellow pill / She goes running for the shelter of a mother’s little helper / and it helps her on her way, gets her through her busy day | » |
Songen er basert på folkeleg akkordar og eit austleg-aktig gitarriff som høyrest ut som ein sitar.
Songen vart gjeve ut på singel i USA og nådde åttandeplassen på Billboard-lista i 1966.[1]
Remove ads
Medverkande
- Mick Jagger – solovokal, perkusjon
- Keith Richards – akustisk gitar, elektrisk 12-strengs slidegitar, korvokal
- Brian Jones – akustisk gitar
- Bill Wyman – bassgitar
- Charlie Watts – trommer
- Jack Nitzsche – Nitzsche-Phone
Salslister
Andre utgåver
Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Polyphonic Size, Liz Phair og Tesla.
The Simpsons-episoden «Brother’s Little Helper» er eit ordspel på songtittelen.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads