Mount Tyree
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mount Tyree (4852 moh[1]) er det nest høgaste fjellet i Antarktis og ligg 13 km nordvest for Vinson Massif (4892 moh), det høgaste fjellet på kontinentet.
Mount Tyree vart oppdaga i januar 1958 under flyturen til United States Navy skvadron VX-6, og sidan kartlagd same månad av Marie Byrd Land Traverse Party. Fjellet vart kalla opp etter kontreadmiral David M. Tyree, som kommanderte U.S. Naval Support Force i Antarktis frå 14. april 1959 til 26. november 1962.[1]
Hittil (2012) er toppen av fjellet berre blitt vitja ved fem høve, av totalt ti personar, via tre forskjellige ruter. I januar 1967 vart John Evans og Barry Corbet (frå Corbet's Couloir) dei første til å nå toppen. I januar 1989 vart toppen vitja av Terry ‘Mugs’ Stump, i 1997 av franskmennene Antoine de Choudens og Antoine Cayrol og seinare i 1997 av Conrad Anker og Alex Lowe. Den 3. januar 2012 gjekk Hans Kammerlander, Robert Miller og Christian Stangl den same ruta som franskmennene og vart den femte gruppa til å nå toppen. Av dei ti fjellklatrarane som har vore på toppen av Mount Tyree, har tre sidan døydd i andre fjellklatringsulukker innan fire år etter dei vitja fjellet.[2] Sørveggen av fjellet er framleis uklatra. Denne veggen er 2000 meter høg og ein av dei største fjellveggane i Antarktis.
Klatresesongen er frå november til januar då det er midnattssol og lufttemperaturen er høgast, opp mot -30 °C nær toppen. Som med Mount Vinson i nærleiken kan ein nå fjellet etter ein seks timar lang flytur frå Punta Arenas i Chile til Union Glacier Camp etterfølgd av ein 200 km lang flytur til foten av fjellet.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads