Punta Arenas

From Wikipedia, the free encyclopedia

Punta Arenas
Remove ads

Punta Arenas er ein chilensk hamneby og bykommune som ligg heilt sør i Fastlands-Chile, på Brunswick-halvøya like nord for Magellansundet. Byen er både regionshovudstad i Región de Magallanes y de Antártica Chilena og provinshovudstad i provinsen Magallanes som han høyrer til innunder.

Thumb
Regionskart. Kommunen Punta Arenas i raudt.
Kjappe fakta Styresmakter, Land Region Provins ...
Remove ads

Kommunen Punta Arenas dekkjer Brunswick-halvøya og dei nordlegaste av øyane i Eldlandet. Dei fleste av desse er folketomme. Dei største av øyane er Santa Inés-øya, Desolación-øya, Dawson-øya, Aracena-øya og Clarence-øya.

I 2002 hadde byen nærmare 120 000 innbyggjarar, noko som gjer Punta Arenas til ein av dei største byane i Patagonia. Han er også den største byen sør for 46. breiddegrad. Lenger sør, på Eldlandet har korkje Argentina eller Chile byar over 100 000 innbyggjarar.

Remove ads

Historie

I 1843 sendte regjeringa i Chile ut ein delegasjon med oppgåva å oppretta ein busetnad ved Magellansundet. Ein veleigna plass vart funnen, men i 1848 bestemte delegasjonen seg for å flytta busetnaden til den noverande byposisjonen. Byen Punta Arenas vart grunnlagt her den 18. desember.

Frå 1850-åra vart Punta Arenas brukt som oppsamlingsplass for innvandrarar til landet og som straffekoloni. Byen var herja av fleire mytteri blant fangane utover 1800-talet. På slutten av hundreåret fekk byen sterkare vekst på grunn av auka handel. Når ein i tillegg fann gull i områda rundt byen, tiltrekte byen seg mange eventyrlystne gullgravarar. Gullrushet tok slutt på byrjinga av 1900-talet, men saueavl vart stadig viktigare i regionen sidan det finst store beitemarker her.

Før Panamakanalen vart fullført i 1914 var hamna i Punta Arenas ei av dei viktigaste i Chile. Her kunne dampskipa stoppa og få påfyll med kol før dei la i veg over Stillehavet eller gjennom Magellansundet over Atlanterhavet.

Innbyggjarane i dag er av både tysk, engelsk, italiensk, sveitsisk, irsk og kroatisk opphav m.m. Nokre reknar at heile 50 % av dagens innbyggjarar stammar frå kroatar, noko som kan sjåast på kroatiskspråklege skilt og namn rundt om i byen.

Remove ads

Næringsliv og transport

Punta Arenas har både petroleumsindustri og produksjon av metanol. Fiske og skogbruk spelar også ei viktig rolle.

Thumb
Magellan-monumentet i byen.

Byen er ein viktig innfallsport til den chilenske delen av Eldlandet. Det er ferjesamband både til Navarino-øya og til Storøya i Eldlandet. I tillegg har byen småflyplass som går til Puerto Williams og til Porvenir.[1] Dessutan, sidan trafikken mellom Argentina og Falklandsøyane er sterkt regulert, er Punta Arenas eit viktig utgangspunkt også for å koma seg til og frå desse øyane.

Den internasjonale flyplassen Presidente Carlos Ibáñez del Campo International Airport ligg ikkje langt unna. Herifrå kan ein fly nordover i Chile, til Argentina eller til Falklandsøyane, og det går motorveg frå Punta Arenas til det nordlege Chile og Argentina.

Remove ads

Turisme

Eit monument av Ferdinand Magellan står sentralt i byen. Sjøfartsmuseet Museo Nao Victoria opna i oktober 2011. Museet har ein kopi av seglskipet «Nao Victoria» som Magellan brukte då han oppdaga Magellansundet. Ein kopi av skipet James Caird, som Ernest Shackleton segla med til Sør-Georgia finst også.

Truleg er byen verdas sørlegaste by med over 100 000 innbyggjarar. Dessutan kan Punta Arenas skryta på seg at han har verdas sørlegaste McDonalds-restaurant.

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads