Mousehole

From Wikipedia, the free encyclopedia

Mousehole
Remove ads

Mousehole (uttalt /ˈmzəl/, kornisk Porthenys) er ein landsby og fiskehamn i Cornwall i England.[1] Han ligg rundt 2,5 mile (4 km) sør for Penzance ved Mount's Bay.[2] Landsbyen ligg i Penzance civil parish . Ein holme kalla St Clement's Isle ligg rundt 350 meter (380 yd) utanfor inngangen til hamna.

Kjappe fakta Land, Folketal ...

Mousehole er ein del av verneområdet Cornwall Area of Outstanding Natural Beauty (AONB). Nesten ein tredel av Cornwall har status som AONB, med same vernenivå som ein nasjonalpark.

Remove ads

Historie

Den eldste omtalen ein kjenner av Mousehole er frå 1283, og den eldste av Portheness er frå 1267. Sjølv om dei vanlegvis blir rekna som same stad, nemner eit dokument frå 1309 Porthenys juxta Mousehole (dvs. ved Mousehole), altså to ulike stader. Ein kan samanlikna med Newlyn i nærleiken som er skild av ein bekk frå Tolcarne, og som også ein gong blei rekna som ulike stader. Ei dokument frå 1339 nemner Porthengrous juxta Porthenes (krosshamn ved øyhamn).[3][4] Om mengda skatt er eit teikn på kor viktig ein stad var, betalte fiskebåtar frå Mousehoule på 1300-talet 5 pund. Marazion i nærleiken betalte 1 pund, 6 shilling og 8 pence, Newlyn 1 pund, Penzance 12 shilling og Porthgwarra og Penberth 12 shilling.[3] I mellomalderen var det tre kapell her, eit av dei på St Clement. Eit kapell blei vigd jomfru Maria i 1383, men låg i ruinar i 1414 etter stormar. Det blei bygd opp att rundt 1420 og endeleg øydelagt under reformasjonen. Eit anna kapell fekk lisens i 1441 og var vigd Edmund vedkjennaren.[3]

Det finst dokumentasjon på at ein eksporterte sardiner herfrå til Frankrike så tidleg som i 1302, og seint på 1700-talet hadde fem notfiskarar og 55 båtar base i hamna.[5][6] På 1880-talet blei det framleis drive sardinfiske med drivnett, og om hausten dreiv rundt seksti båtar fiske i Nordsjøen.[7]

I lag med Marazion var Mousehole fram til 1500-talet ein av hovudhamnene i Mount's Bay. Før tilbakegangen som eit viktig handelssenter hadde Mousehole også fleire tilstellingar og marknader, mellom anna eit charter for ein tysdagsmarknad og ein tredagars festival for heilage Barnabas, gjeven til Henry de Tyes i 1292.[8] Mousehole var som mange andre busetnader ved Mount's Bay under styrert til Manor of Alverton. Alle tidlege charter, marknader og liknande knytte til Mousehole er også knytte til denne herskapelege eigedommen. 

Mousehole blei som Penzance, Newlyn og Paul angripen i raidet på Mount's Bay i 1595 av spanjolen Carlos de Amésquita. Den einaste bygningen som stod att var den lokale puben Keigwin Arms. Utanfor Keigwin Arms, som no er ein privat bustad, er det ein plakett med denne påskrifta: «Squire Jenkyn Keigwin was killed here 23 July 1595 defending this house against the Spaniards».[9] 

1900-talet

Thumb
Penlee Lifeboat Station

Sjølv om det hadde vore ein bergingsbåt tilgjengeleg i Mount's Bay i mange år, blei det opna ein ny bergingsstasjon ved Penlee Point, på utkanten av landsbyen, opna i 1913. 19. desember 1981 omkom heile livbåtmannskapet på åtte i eit berginsforsøk i vindar med orkansstyrke.[10] Livbåten blei flytta til Newlyn i 1983, men heldt fram med å vera kjend som 'Penlee Lifeboat'.[11]

Ved hamna i landsbyen låg ein gong gjestgjeveriet Lobster Pot, der Dylan Thomas og Caitlin Macnamara budde under bryllaupsreisa si etter å ha gifta seg i Penzance.[12]

I 1936 laga GPO Film Unit kortfilmen The Saving of Bill Blewitt for å promotera Post Office Savings Bank. Den lokale postmannen Bill Blewitt var med i filmen.[13]

Thumb
The Mousehole
Thumb
The Ship Inn

Mousehole husar ei rekkje ulike festivalar og aktivitetar. Staden er kjend for julelysa sine. Sidan 1981 har lysa blitt tende på 19. desember til minne om offera for bergingsbåtulukka. Tom Bawcock's Eve er ei lokal feiring som blir halden 23. desember kvart år for å feira slutten på ei hungersnaud på 1500-talet av den lokale innbyggjaren Tom Bawcock. Festivalen er opphavet til Star Gazey Pie, ein pai med fisk, egg og potet der fiskehovuda stikk ut gjennomm lokket. Mousehole held også ein liten maritim festival annakvart år kalla Sea, Salt and Sail.[14]

Remove ads

Kjende innbyggjarar

Thumb
Dolly Pentreath

Penwith skal ha vore den siste staden i Cornwall der kornisk blei brukt som daglegspråk. Dolly Pentreath, som blei kjend som den siste talaren av språket, blir ofte oppgjeve å ha vore frå Mousehole og ha eit minnesmerke i landsbyen. I røynda var ho frå Paul, og Paul sokn omfatta historisk Mousehole.

Eit år etter at Dolly Pentreath døydde i 1777 fekk forskaren Daines Barrington eit brev skrive på kornisk med ei engelsk omsetjing ved sida frå ein fiskarman frå Mousehole, William Bodinar, som skreiv at han kjende fem person som kunne tala kornisk berre i denne landsbyen. Barrington nemner også ein John Nancarrow frå Marazion som hadde kornisk som morsmål og levde til inn på 1790-talet.[15]

John Keigwin (1641–1716), som forska på kornisk,[16] metodisten William Carvosso (1750–1834)[17] og sjømannen Joseph Trewavas VC CGM (1835–1905) var også frå Mousehole.[18]

Remove ads

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads