Muffe
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Muffe er eit klesplagg til å stikke hendene inn i for å halda dei varme når det er kaldt ute. Plagget blei særleg brukt før, til tider også innandørs som elegant motetilbehøyr for kvinner.[1] Muffer kunne ha ulike fasonger, men var vanlegvis sylinderforma med opningar til hendene i kvar ende. Dei kunne vera laga av skinn, fjører eller tekstil, ofte med vattering innvendig.[2] Muffer er kjende frå renessansen, og blei på 1600- og 1700-talet brukt av både kvinner og menn. Seinare blei plagget berre brukt av kvinner.[2] På byrjinga av 1900-tallet gjekk populariteten tilbake, men bruken fekk eit lite oppsving sist på 1940- og inn på 1950-talet.


Foto: Elisabeth Meyer (1899–1968)/Preus museum
Ordet muffe (på engelsk, tysk og svensk muff[3]) kjem truleg opphavleg frå det gamle franske moufle som tyder 'tjukk hanske eller vante'.[4]
Remove ads
Galleri
- Ung kvinne 1643 iført pelsmuffe, maske og andre plagg mot vinterkulda.
- Kvinne og mann med muffer i Amsterdam i 1670
- Skodespelaren madame Molé-Reymond portrettert av Élisabeth Vigée-Le Brun 1786
- Paul K. Fersen (1800–1888), russisk greve og «keisarleg jegermeister», i uniform med muffe 1852
- Gutar frå Riga på 1700-talet, i vinterklede med muffer.
- Dekorert muffe frå 1898
- Fôra muffe, sjal og hatt av hermelinpels i tidsrett utforming vist på tysk postkort frå cirka 1910.
- Muffer i ei moteoppvising under ei pelsmesse i Köln 1980
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads