Out of Time av R.E.M.
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Out of Time er eit musikkalbum frå 1991 utgjeve av den amerikanske musikkgruppa R.E.M..
Albumet kombinerer element av pop, folkemusikk og klassisk musikk, som på det førre albumet, Green, men i tillegg innførte R.E.M. og element frå country, som dei heldt fram med på det neste albumet Automatic for the People i 1992. Albumet inneheld fleire R.E.M.-klassikarar som «Losing My Religion», «Near Wild Heaven» og «Country Feedback»[1]
Singelen «Losing My Religion» vart gjeven ut før albumet og vart den største hitten til bandet i USA og var med på å slå bandet igjennom verda over. Albumet gjekk til førsteplass på både den amerikanske og den britiske albumlista. På VG-lista nådde albumet 4. plass og låg på lista i totalt 34 veker i 1991, 2000 og 2001.[2] Albumet vann tre Grammy Awards i 1992, ein for «beste alternative musikkalbum» og to for den første singelen «Losing My Religion».
I 1998 stemde lesarane av musikkmagasinet Q Out of Time fram som det 38. beste albumet gjennom tidene, medan det på ei ny kåring i 2006 hamna på 37. plass. I 2006 vart albumet valt ut av TIME Magazine som eit av dei 100 beste albuma nokon gong.[3]
Remove ads
Innhald
Alle tekstane og melodiane er ved Bill Berry, Peter Buck, Mike Mills og Michael Stipe.
- «Radio Song» - 4:15
- «Losing My Religion» - 4:28
- «Low» - 4:56
- «Near Wild Heaven» - 3:19
- «Endgame» - 3:50
- «Shiny Happy People» - 3:46
- «Belong» - 4:06
- «Half a World Away» - 3:28
- «Texarkana» - 3:40
- «Country Feedback» - 4:09
- «Me in Honey» - 4:06
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads