Peter Buck
amerikansk musikar, gitarist i bandet R.E.M. From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Peter Lawrence Buck (fødd 6. desember 1956) er ein amerikansk musikar som var gitarist i bandet R.E.M.. Buck var med på å skipa gruppa saman med vokalisten Michael Stipe, bassisten Mike Mills og trommeslagaren Bill Berry. Peter Buck var den eldste medlemmen i bandet.
Remove ads
Biografi
Etter å ha vakse opp i Los Angeles og San Francisco, flytta familien Buck til Atlanta i Georgia. Etter å ha fullført high school, byrja Peter Buck på Emory University, men droppa studia like etter og flytta til Athens, der han istaden studerte ved University of Georgia. Medan Buck jobba i ei platebutikk i Athens, vart han kjend med Michael Stipe som jamleg var kunde der, og med manageren Bertis Downs.[1][2][3]
I motsetnad til dei to andre gjenverande medlemmane i R.E.M. som framleis bur i Athens, bur Peter Buck i Seattle i Washington. I tillegg til bandet R.E.M spelar Buck og i banda The Minus 5 og Tuatara.
Remove ads
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads