Musikkgruppa Ossian
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ossian er ei skotsk folkemusikkgruppe danna i 1976.[1]
Den opphavlege samansetjinga av gruppa var Billy Ross og tidlegare medlemmer av gruppa Contraband, Billy Jackson, John Martin og George Jackson.[1] Ein av dei tidlegaste konsertane var på Kinross Folk Festival i 1976.
Kvar av medlemmane var ein multi-instrumentalist og songar. Dei song på engelsk, skotsk og gælisk. Gruppa hadde ei nøye tilnærming til songar, airar og dansemusikk, nesten som ei kammermusikk-tilnærming til skotsk musikk.
Billy Jackson spelte harpe, clàrsach, i dei fleste stykka til gruppa, men han spelte òg uilleann pipes (irsk sekkepipe) pipar og fløyter.[1] John Martin, som spelte fele og cello,[1] blei seinare medlem av The Tannahill Weavers. George Jackson (bror til Billy) spelte gitar, cister, mandolin, fele og fløyter.[1] Billy Ross var hovudsongar og spelte gitar, dulcimer og fløyte.[1]
Dei to fyrste albuma til gruppa var Ossian (1977) og St. Kilda Wedding (1978).[1] Billy Ross forlet gruppa i 1980, og blei erstatta av Tony Cuffe som hovudvokalist, som òg spelte gitar og fløyte.[1] I 1981 kom Iain MacDonald med og spelte i stor skotsk sekkepipe og fløyte.[1] Gruppa blei oppløyst i 1989 då Tony Cuffe og William Jackson flytta til USA.[2]
I 1997 skipa Billy Jackson bandet opp att med den opphavlege songaren, Billy Ross. Gruppa spelte inn ein CD og heldt nokre konserter i ei tid.
Remove ads
Diskografi
- Ossian - Springthyme Records SPR 1004 (1977)
- St. Kilda Wedding - Iona Records IR001 (1978)
- Seal Song - Iona Records IR002 (1981)
- Dove Across the Water - Iona Records IR004 (1982)
- Borders - Iona Records IR007 (1984)
- Light On a Distant Shore - Iona Records IR009 (1986)[1]
- The Carrying Stream - Greentrax CDTRAX 127 (1997)[3]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads