Muttler

From Wikipedia, the free encyclopedia

Muttler
Remove ads

Muttler er eit 3 294 meter høgt fjell, det høgste i Samnaunfjella. Fjelltoppen ligg i kommunen Samnaun i kantonen Graubünden i Sveits.

Kjappe fakta Land, Fjellkjede ...

Nord- og vestsidene av Muttler består av samanhengande steinurder. Nordaustsida er bratt og stuper fleire hundre meter ned i dalen Val Sampuoir. Fjellet er nesten fritt for isfelt, einast ein liten isbre på vestsida av toppen.

Ein topptur til Muttler er ganske grei å gjennomføre. Både frå Samnaun og frå Engadin finst det merka klatrestiar.

Frå Muttler ser ein både fjella kring Zugspitze, over til Ötztalfjella (Wildspitze, Weißseespitze, Weißkugel), Ortlerfjella, Berninafjella, Silvretta og området kring Säntis. I klarver kan ein også få auge på Bodensjøen.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads