Stammerspitze

From Wikipedia, the free encyclopedia

Stammerspitze
Remove ads

Stammerspitze, også kalla Piz Tschütta, er det nest høgste fjellet i Samnaunfjella. Fjelltoppen er 3 254 meter høg og ligg i kommunen Samnaun i kantonen Graubünden i Sveits. Toppen ligg i kring tre kilometer nordvest for toppen av Muttler, høgste fjellet i Samnaunfjella.

Kjappe fakta Land, Fjellkjede ...

Ein liten isbre ligg nordaust for fjelltoppen.

Ei bestiging av Stammerspitze vert rekna som vanskeleg, og vert stendig meir krevjande. Grunna opptininga av permafrosten og den underliggjande dolomittsteinen, vert klatreruta lausare og farlegare.

Den høgste toppen på Stammerspitze vart kliven fyrste gongen den 16. august 1884. Ein professor K. Schulze frå Leipzig hadde fylgje med Johann Nell og Seraphim Kuppelwieser.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads