My Week with Marilyn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
My Week med Marilyn er ein britisk dramafilm frå 2011 regissert av Simon Curtis og skriven av Adrian Hodges. Mellom skodespelarane er Michelle Williams, Kenneth Branagh, Eddie Redmayne, Dominic Cooper, Dougray Scott, Judi Dench og Emma Watson.
Filmen byggjer på to bøker av Colin Clark og tek for seg ei veke i livet til Marilyn Monroe (spelt av Wiliams) i 1957 under innspelinga av filmen The Prince and the Showgirl saman med Laurence Olivier (Branagh). Denne veka blei Monroe følgd rundt i london av Clark (Redmayne) etter at mannen hennar Arthur Miller (Dougray Scott) hadde reist tilbake til USA.
For rolla si som Monroe vann Williams Golden Globe-prisen for beste kvinnelege skodespelar (Golden Globe Award for Best Actress in a Motion Picture – Comedy or Musical), og blei nominert til beste kvinnelege skodespelar for Oscarprisen og British Academy Film Awards.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads