Emma Watson

From Wikipedia, the free encyclopedia

Emma Watson
Remove ads

Emma Charlotte Duerre Watson (fødd 15. april 1990)[2] er ein britisk skodespelar, modell og aktivist.[3] Watson blei fødd i Paris og voks opp i Oxfordshire, der ho var elev ved Dragon School og Stagecoach Theatre Arts i Oxford. Som barn blei ho kjend for rolla som Hermine Grang i Harry Potter-filmane, den første profesjonelle rolla si.[4] Watson spelte i alle dei åtte Harry Potter-filmane frå 2001 til 2011, og blei både verdskjend, kritikarrost og velståande, med ei inntekt på rundt 60 millionar dollar.[5]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Watson heldt fram som skodespelar med filmar som Ballet Shoes (2007), The Tale of Despereaux (røyst, 2008), My Week with Marilyn (2011), The Perks of Being a Wallflower (2012) The Bling Ring (2013) og Noah (2014).[6] I 2017 spelte ho hovudrolla Belle i gjenskapinga av disneyfilmen Beauty and the Beast (Skjønnheten og udyret). Som modell har Watson arbeidd for Burberry og Lancôme.[7][8] Ho har også desiga klede for People Tree.[9] I 2014 blei Watson æra av British Academy of Film and Television Arts (BAFTA) då ho vann British Artist of the Year[10] Same året blei ho utnemnd til goodwill-ambassadør for UN Women og var med på å opna kampanjen deira HeForShe, som ber menn om å kjempa for kjønnslikestilling.[11]

Remove ads

Bakgrunn

Emma Watson blei fødd i Paris som dotter av dei britiske advokatane Jacqueline Luesby og Chris Watson.[2][12][13] Watson budde i Paris til ho var fem år. Foreldra skilte seg då ho var ung, og etter skilsmissa deira, flytta ho med mora og den yngre broren til Oxfordshire. I helgene var ho hos faren sin i London.[2][14] Watson har uttalt at ho snakkar litt fransk, men «ikkje like bra» som før.[15]

Etter å ha flytta til Oxford med mora og broren sin, gjekk Watson på Dragon School i Oxford til 2003.[2] Frå ho var seks år ynskte ho å bli skodespelar,[16] og gjekk på Stagecoach Theatre Arts, ein deltids-teaterskule der ho studerte song, dans og skodespel.[17] Då ho var ti år, hadde ho opptredd i ulike Stagecoach-produksjonar og skole skodespel, t.d. Arthur: The Young Years og The Happy Prince.[18] Etter Dragon School byrja Watson på Headington School, som òg er i Oxford.[2]

Remove ads

Karriere og utdanning

Thumb
Watson på premieren til Harry Potter og Ildbegeret, november 2005.
Thumb
Watson saman med Daniel Radcliffe og Rupert Grint på premieren til filmen Harry Potter og Dødstalismanene - del 2.

Leitinga etter skodespelarar til den første Harry Potter-filmen byrja i 1999. Castingpersonellet fann Watson gjennom teaterinstruktøren hennar i Oxford, og produsentane blei imponerte av sjølvsikkerheiten hennar. Etter åtte auditionar fortale produsenten David Heyman Watson og to andre håpefulle, Daniel Radcliffe og Rupert Grint, at dei var blitt valde ut til å spela rollene som Hermione Granger, Harry Potter og Ron Weasley. Harry Potter-forfattaren J.K. Rowling støtta Watson frå hennar første prøveinnspeling.[16]

Harry Potter and the Philosopher's Stone kom ut i 2001 sette filmen rekordar for premieresal og inntekter i opningshelga, og var filmen med høgast inntekter det året.[19][20] Dei tre barna i hovudrollene fekk gode kritikkar, og Watson blei fleire gonger gjeven særkild ros.[21][22] Watson blei nominert til fem prisar for opptredenen sin, og vann Young Artist Award for «Leading Young Actress».[23]

På filmsettet blei ho og jamaldringane undervist i opptil fem timar om dagen.[24] I juni 2006 tok ho GCSE-eksamen i ti fag, og fekk toppkarakterar, åtte A* og to A-ar.[2][25]

I juli 2007 blei det hevda at Watson gjennom arbeidet i Harry Potter-serien hadde tent inn over 10 millionar pund, og ho uttalte at ho aldri ville trenga å arbeida for pengar at.[26] I mars 2009 blei ho rangert som nummer 6 på Forbes si liste over Most Valuable Young Stars,[27] og i februar 2010 blei ho omtalt som den best betalt kvinnelege stjerna i Hollywood etter å ha tent det ein rekna med var 19 millionar pund i 2009.[28]

Trass suksessen til Order of the Phoenix var framtida til Harry Potter-filmane lenge i tvil, ettersom alle dei tre hovudrolleinnegavarane nølte med å binda seg til å spela inn dei to siste filmane.[29] Daniel Radcliffe signerte til slutt kontrakten for filmane 2. mars 2007,[29] men Watson var framleis usikker.[30] Ho forklarte at det var eit viktig val, ettersom innspelinga av filmane ville ta opp ein periode på fire år, men til slutt gjekk med på at ho aldri kunne gje slepp på rolla som Hermione.[31] Ho skreiv kontrakt for rolla 23. mars 2007.[32]

Thumb
Watson ved Filmfestivalen i Cannes i 2013.

Etter end grunnskule tok Watson eit pauseår[33] for å filma Harry Potter and the Deathly Hallows frå februar 2009.[34] Ho blei student ved Brown University i Providence i Rhode Island.[35] I mars 2011, etter 18 månader ved universitet, kunngjorde Watson at ho kom til å utsetja eit semester eller to,[36] men vitja Worcester College i Oxford i skuleåret 2011–12.[37] I eit intervju med Ellen DeGeneres sa Watson at det tok henne fem år i staden for fire å fullføra på grunn av skodespelarbeidet, som gjorde at ho utsette to heile semester.[38] 25. mai 2014 gjekk ho ut frå Brown University med ein bachelorgrad i engelsk litteratur.[39]

Remove ads

Motearbeid

I september 2009 kunngjorde Watson at ho var knytt til People Tree, eit klesmerke som driv med rettferdig handel.[9] Watson var kreativ rådgjevar for selskapet i samband med ein vårkollekjson som blei sloppen i februar 2010.[9][40] Kleda var mellom anna inspirerte av Sør-Frankrike ogLondon.[40][41] Watson vann Best British Style ved British Fashion Awards 2014.[42]

Kvinnerettsarbeid

I juli 2014 blei Watson utnemnd til goodwill-ambassadør av UN Women.[11] Ho hadde då allereie engasjert seg i utdanning for jenter gjennom besøk til Bangladesh og Zambia.[43] I september same året heldt ho ein tale ved hovudkvarteret til SN som opna kampanjen HeForShe.[44]

Filmar

Meir informasjon År, Filmtittel ...

Fjernsyn

Meir informasjon År, Tittel ...

Musikkvideoar

Meir informasjon År, Tittel ...
Remove ads

Prisar og utmerkingar

Meir informasjon År, Organisasjon ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads