Myken

From Wikipedia, the free encyclopedia

Myken
Remove ads

Myken er ei øygruppe og eit fiskevær i Rødøy kommune i Nordland. Øygruppa ligg ytst på kysten, om lag 32 km frå næraste fastland, og har per juni 2010 kring 20 fastbuande.[1] Myken femner om lag 40 små øyar, holmar og skjer. Dei største øyane er Sjurøya, Sandøya, Jutøya, Finnøya og Grytøya. Fiskeværet ligg på Sjurøya, medan Myken fyrstasjon (oppretta i 1918) ligg på Jutøya.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Myken skole hadde fire elevar skuleåret 2009/2010, men kan verte nedlagt.[2]

Myken har snøggbåtsamband til Tonnes i Lurøy og Vågaholmen.

I samarbeid med Riksantikvaren har stiftinga Gamle Myken sett i gang restaurering av nokre av bygningane på Myken.

Remove ads

Namnet Myken

Namnet Myken kjem truleg av gamalnorsk mykr - møkk, og kan ha med fugleskit å gjere.[3]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads