Mystery Train
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Mystery Train» er ein song skriven og spelt inn av den amerikanske bluesmusikaren Junior Parker i 1953.
Remove ads
Historie
Junior Parker (òg kjend som Herman Parker) og oppført som «Little Junior's Blue Flames», spelte inn songen, som no vert rekna som ein bluesstandard,[2] for produsenten og Sun Records-eigaren Sam Phillips. Songen vart gjeven ut på Sun. Han vart skriven av Junior Parker, men Phillips vart seinare oppført som låtskrivar.[3]
Ein kommentator sa «Eit av mysteria med 'Mystery Train' er kvar tittelen kom frå. Tittelen er ikkje nemnd i songen».[3] Songen har ein tekst som minnar om tekstar ein finn i den amerikanske tradisjonelle folkevise til Carter Family, «Worried Man Blues», som igjen er basert på ein gammal keltisk ballade,[2] og som vart den mestseljande singelen deira i 1930:[4]
- The train arrived sixteen coaches long
- The train arrived sixteen coaches long
- The girl I love is on that train and gone
Parker sin tekst er:
- Train I ride sixteen coaches long
- Train I ride sixteen coaches long
- Well, that long black train carries my baby home[5]
«Mystery Train» var oppfølgjaren til Junior Parker sin «Feelin' Good» (Sun 187) frå 1953, som nådde femteplassen på R&B-lista. Med seg hadde Parker (vokal) bandet «Blue Flames», som ein trur på den tida bestod av Floyd Murphy (gitar),[6] William Johnson (piano), Kenneth Banks (bass), John Bowers (trommer) og Raymond Hill (tenorsaksofon).[3]
Remove ads
Elvis Presley-versjonen
Elvis Presley sin versjon av «Mystery Train»[5] kom først ut 20. august 1955 som B-sida til «I Forgot to Remember to Forget» (Sun 223). Presley-versjonen vart rangert på 77. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidenen i 2003.[8] Han vart igjen produsert av Sam Phillips i Sun Studios, og bestod av Presley på vokal og rytmegitar, Scotty Moore på sologitar og Bill Black på bass. Moore brukte ein countryaktig spelestil,[9] og mot slutten kan ein høyre eit ekko av «Sixteen Tons» av Merle Travis frå 1946.[10] For Presley sin versjon av «Mystery Train», lånte Scotty Moore òg gitarriffet fråJunior Parker sin «Love My Baby» (1953), som var spelt av Pat Hare.[11]
Victor gav ut ein popversjon av songen av The Turtles akkompagnert av Hugo Winterhalter and his Orchestra (Victor 6356) i desember 1955. Dette bandet er lite truleg 60-talspopgruppa med same namn, sidan songaren i den gruppa berre var åtte år på den tida.
I lag med «I Forgot to Remember to Forget» nådde singelen Topp 10 på countrylista til Billboard.[12]
RCA Victor gav ut at innspelinga i desember 1955 (#47-6357) etter at dei fekk tak i kontrakten til Presley. Denne utgåva av songen nådde 11. plassen på den nasjonale Billboard Country-lista.
«Mystery Train» vert i dag rekna som ein «klassikar».[13] Singelen var den første innspelinga som gjorde Elvis Presley til ei nasjonal countrystjerne.[14]
Black, som hadde suksess med the Bill Black Combo, hadde ein gong besøk heime i huset sitt i Memphis, då han peikte på ein innramma LP med «Mystery Train» på vegen og sa «Det der var ei plate.»[15]
Presley sin versjon vart nytta i Jim Jarmusch-filmen med same namn.
Remove ads
The Band-versjonen
I 1973 skreiv Robbie Robertson frå The Band meir tekst til «Mystery Train», etter å ha fått lov av Sam Phillips, og gruppa spelte inn sin versjon av songen for albumet Moondog Matinee. Dei spelte seinare songen i lag med Paul Butterfield på «farvel»-konserten deira The Last Waltz i 1976.[16]
Andre innspelingar
Mange andre musikarar har spelt inn «Mystery Train», som:
- 1965 – Sam the Sham and the Pharaoahs på albumet On Tour.
- 1965 – Vince Melouney spelte songen med Robin Gibb og Maurice Gibb på korvokal. Songen var på albumet hans, Punkville.
- 1965 – The Paul Butterfield Blues Band frå The Paul Butterfield Blues Band
- 1967 – Ricky Nelson frå Country Fever.
- 1969 – Bob Dylan og Johnny Cash under innspelinga av Nashville Skyline[17]
- 1970 – The Doors på Live in Detroit (utgjeve 2000), Live in Philadelphia '70 (utgjeve 2005), Live in Boston (utgjeve 2007), og i Pittsburgh som ein del av «Black Train Song» frå The Doors: Box Set i 1997.
- 1970 – Roger Miller frå Roger Miller 1970
- 1972 – Chet Atkins og Jerry Reed frå Me & Chet
- 1974 – Alvin Lee frå In Flight
- 1976 – Kingfish frå Kingfish in Concert: King Biscuit Flower Hour (utgjeve 1996)
- 1977 – Jerry Garcia Band frå Pure Jerry: Theatre 1839, July 29 & 30, 1977 (utgjeve 2004)
- 1980 – UFO frå No Place to Run
- 1981 – Tom Fogerty frå Deal It Out
- 1981 – The Soft Boys med Robyn Hitchcock frå Two Halves for the Price of One (live); ein annan versjon òg på 1976-81 (utgjeve 1992)
- 1981 – Gene Summers frå Gene Summers in Nashville
- 1983 – Neil Young frå Everybody's Rockin'
- 1986 – Emmylou Harris frå Thirteen
- 1986 – The Flying Burrito Brothers frå Live from Europe
- 1990 – The Neville Brothers frå Brother's Keeper
- 1992 – Stray Cats frå Choo Choo Hot Fish
- 2005 – Rick Danko frå Cryin' Heart Blues (med Paul Butterfield)
- 2010 – Robert Gordon og Link Wray frå Live Fast, Love Hard! (innspelt 1978)
- 2012 – The Grascals frå Life Finds a Way
Remove ads
Bok
I 1975 publiserte rockeforfattaren Greil Marcus[18][19][20] boka Mystery Train: Images of America in Rock 'n' Roll Music,[21] inspirert av Elvis Presley-innspelinga av Junior Parker-songen.[19]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads