NSB type 70

From Wikipedia, the free encyclopedia

NSB type 70
Remove ads

NSB type 70 er eit elektrisk togsett som har fire vogner inklusive ei motorvogn. Toget blir nytta av NSB på mellomdistanseruter (Intercity) rundt Oslo, men før FLIRT-toga kom, mest på Dovrebanen mellom Oslo og Lillehammer og på Vestfoldbanen. To av setta vart tatt ut av drift i 2011.

Kjappe fakta Informasjon, Type ...

Toga vart leverte som «InterCity Express» tog i 1992 og billettane på desse toga var den gongen noko dyrare enn på dei vanlege toga. Etterkvart vart setta merka som «Agenda»-tog, ei tidlegare NSB-nemning for mellomdistansetog. (òg NSB type 93 og NSB type 73b inngjekk i Agenda-konseptet) Sidan type 70 blir nytta på pendlarruter går ein del avgangar mot Oslo særs tidleg, ofte rundt klokka 5 om morgenen. Av omsyn til desse passasjerane har type 70 ei stilleavdeling der bruk av mobiltelefon og høglytte samtalar er forbode.[1]

Alle dei 16 type 70-setta som vart bygd er framleis i teneste. Dei vart bygd av Duewag, Adtranz og Vst. Sundland. Type 70 er bygd i 3 seriar. (Serie I; 70-01 til 70-09) (Serie II; 70-10 til 70-12) (Serie III; 70-13 til 70-16). Togsetta består av BFM70, B70, B70 og ABS70

I 2010 vart type 70 dei første norske toga som fekk intallert trådlaust Internet, som gjorde det mogleg for passasjerar på strekninga Lillehammer–Oslo–Skien å kople seg gratis til nettet.[2]

Remove ads

Uhell

Type 70 har opp gjennom åra vore innblanda i ei rekke mindre uhell, så som kollisjon mellom sett under skifting, avsporingar, påkøyrsler av bilar og ha køyrt inn i ras. Det mest alvorlege tilfellet skjedde nær Kjose den 1. juli 2008, der 70-02 køyrte inn i eit ras, spora av, trefte ei tunnelopning og vart kasta inn i tunnelen. Dei materielle skadane var store. Tre av vognene vart raskt reparerte og turnert over på andre togsett medan andre vogner var inne til oppgradering. Motorvogna 70002 var først tilbake i drift 1 1/2 år seinare.

Remove ads

Spesifikasjonar

Setta vart bygde av Strømmen, med Duewag og ABB som underleverandørar. Chassiset (vognkassa) er bygd i aluminium, slik som B7 passasjervognene. Setta kan bli køyrt saman med NSB type 69 og andre typar tog. Opphavleg var det anten 226 eller 243 sete, som vart bygd om til 230 og 235 sete med konverteringa til Agenda.[1]

Bakgrunnsstoff

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads