NTNU Universitetsbiblioteket

From Wikipedia, the free encyclopedia

NTNU Universitetsbiblioteket
Remove ads

NTNU Universitetsbiblioteket (tidlegare: Universitetsbiblioteket i Trondheim, UBiT) er ein del av Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Universitetsbiblioteket vart skipa i 1912, som NTH sitt bibliotek, men har røter attende til DKNVS sitt bibliotek frå 1768 og er difor det eldste vitskaplege biblioteket i Noreg.[1]

Thumb
Portalen over inngangen til Teknologibiblioteket, det gamle NTH sitt hovudbibliotek, i Hovudbygget på NTNU, Gløshaugen
Remove ads

Verksemda

  • Mandat
  • Målgrupper
  • Bibsys
  • Samlingane
  • Spesialsamlingar

Bibliotekeiningar

NTNU UB har 15 bibliotek som dekkjer ulike fagområde:

Arkitektur- og byggbiblioteket

Biblioteket si målgruppe er arkitektmiljøet ved Fakultet for arkitektur og biletkunst, byggingeniørfaga og Institutt for produktdesign ved Fakultet for ingeniørvitskap og teknologi. Det har lokale i Sentralbygg 1, Gløshaugen.

Biblioteket vart danna som Fellesbiblioteket arkitekt og bygg i 1961, då Sentralbygg 1 stod ferdig. Arkitektavdelinga og Byggingeniøravdelinga flytta då til dette bygget frå Hovudbygget på Gløshaugen.

Biblioteket Dragvoll

Biblioteket si målgruppe er primært studentar og tilsette ved Humanistisk fakultet (HF) og Fakultet for samfunnsvitskap og teknologileiing (SVT). Det har lokale i Bygg 8 og 6B, nivå 5, Universitetssenteret på Dragvoll.

Biblioteket vart danna då del 1 av Universitetssenteret sitt første byggetrinn stod ferdig i 1978. Då vart samlingar og tenester retta mot humaniorafaga flytta til mellombels lokale på Dragvoll frå Universitetet i Trondheim sine lokale på Lade. Då andre byggetrinn stod ferdig i 1993, vart samlingane flytta til plan 5 i bygg 8. I 2006 vart lokala utvida med nivå 5 i det nye bygg 6B.

Biblioteket for medisin og helse

I 2009 ga Kunnskapsdepartementet HiST og NTNU i oppdrag å etablera eit felles integrert bibliotek for forsking, læring og formidling, lokalisert i det integrerte universitetssjukehuset i Trondheim. Biblioteket blei oppretta ved at NTNU UB Medisinsk bibliotek og HiST-biblioteket på Øya (Avdeling for sykepleierutdanning) blei slått sammen. Bibliotek for medisin og helse åpna i desember 2013 i det nye Kunnskapssenteret på sjukehusområdet.[2]

Biblioteket Gjøvik

Biblioteket er primært eit læringssenter for studentar og tilsette ved NTNU i Gjøvik. Samlingane dekkjer mellom anna helse- og omsorgsfag, teknologi, realfag, medieteknologi, informasjonssikkerhet, design og økonomiske fag. Biblioteket er lokalisert i sentralbygget (Gneis) og tok i bruk nåverande lokaler i januar 2006. Biblioteket er «meirope», så studentar og tilsette kan nytta biblioteket sine lokale og tenester òg når bibliotekpersonalet ikkje er til stades.[3]

Biblioteket Kunstakademiet

Biblioteket si målgruppe er primært studentar og tilsette ved Institutt for biletkunst, Kunstakademiet i Trondheim. Det har lokale på Nedre Elvehavn i same bygg som Institutt for biletkunst, Kunstakademiet i Trondheim.

Biblioteket vart danna i 1988, og vart ein del av NTNU sitt universitetsbibliotek i 1997.

Biblioteket Tungasletta

Biblioteket betener Institutt for sosialt arbeid, Institutt for nevromedisin og bevegelsesvitskap og Fageininga Vernepleie ved Institutt for psykisk helse. Hovedsamlingane er innafor helse- og sosialvitskaplege fag.

Biblioteket var tidlegare del av Høgskulen i Sør-Trøndelag, og blei ved fusjonen i 2016 del av NTNU.[4]

Biblioteket Ålesund

Målgruppa er primært tilsette og studentar fra NTNU i Ålesund sine fem institutter: Institutt for IKT og realfag, Institutt for havromsoperasjonar og byggteknikk, Institutt for helsevitskap Ålesund, Institutt for biologiske fag Ålesund og Institutt for internasjonal forretningsdrift. NTNU i Ålesund er ei direkte vidareføring av Høgskulen i Ålesund (HiÅ), som vart ein del av NTNU gjennom ein fusjon i 2016.

Dorabiblioteket

Biblioteket si målgruppe er primært studentar og tilsette ved NTNU. Dorabiblioteket har lokale i Dora på Nyhavna.

Dorabiblioteket vart danna i 2001 som eit felles fjernmagasin for NTNU Universitetsbiblioteket. Universitetsbiblioteket sin eldste faglitteratur, trykte tidsskrift og aviser, bilde og privatarkiv vert lagra her. Dorabiblioteket er samarbeidspartnar i Arkivsenter i Dora.

Gunnerusbiblioteket

Målgruppa er tilsette og studentar ved NTNU, spesielt Vitskapsmuseet og Institutt for religionshistorie og arkeologi. Gunnerusbiblioteket ligg på Kalvskinnet.

Gunnerusbiblioteket vart etablert som DKNVS sitt bibliotek i 1768 og er Noregs eldste vitskaplege bibliotek. Frå 1760 var biblioteket lokalisert i medlemmer av DKNVS sine heimar. Foreninga flytta med boksamlingane til Trondheim Katedralskole i 1788. I 1866 fekk biblioteket eige bygg på Kalvskinnet, teikna av arkitekt Christian Christie. Eit tilbygg med boktårn i betong vart ført opp av arkitekt Claus Hjelte i 1930. Ei utviding av bygget og boktårnet kom i 1975, teikna av NTH-professor Einar Myklebust. Trappehuset var utforma av kunstnaren Ramon Isern.

Lysholmbiblioteket

Dette biblioteket åpna15. januar 2018. Det dekkjer fagområda det vert forska og undervist i ved Campus Kalvskinnet: grunnskolelærarutdanningane, bachelor i arkiv og samlingsforvaltning, Institutt for lærarutdanning. (ILU) og bachelor i teknologifag. Biblioteket ligg i E.C. Dahl-kvartalet, i hovedsak i det nye Lysholmbygget, som har fått navn etter forretningsmannen, bryggerieier Jørgen B. Lysholm, som heldt til her på 1800-tallet.[5]

Marinbiblioteket

Målgruppa er studentar ved Marin teknikk, tilsette ved Institutt for Marinteknikk ved Fakultet for ingeniørvitskap og teknologi, CeSOS (Centre for Ships and Ocean Structures) og MARINTEK.

Marinbiblioteket ligg i Marinteknisk SenterTyholt, tilknytt Skipsmodelltanken. Då Marinteknisk Senter vart oppretta i 1979, vart det skipa eit felles bibliotek for senteret, som eit samarbeid mellom Noregs Skipsforskingsinstitutt (NSFI) og NTHB.

Musikkbiblioteket

Thumb
Olavskvartalet

Musikkbiblioteket si målgruppe er primært studentar og tilsette ved Institutt for musikk (NTNU), utøvande utdanning (tidlegare Musikkonservatoriet i Trondheim).

Biblioteket ligg i Olavskvartalet i Trondheim sentrum. Biblioteket vart formelt oppretta i 1984 og vart eini del av NTNU sitt universitetsbibliotek i 1988. Grunnstammen i biblioteket var notar frå m.a. Per Hjort Albertsen, og notar kjøpt for bruk i undervisinga ved dåverande Trøndelag musikkonservatorium.

Realfagbiblioteket

Thumb
Realfagbygget

Målgruppa er i hovudsak studentar og tilsette ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi og er lokalisert i RealfagbyggetGløshaugen.

Biblioteket vart oppretta i 2000 og inneheld samlingar frå tre ulike bibliotek; Fakultetsbiblioteket Kjemi, Fysikkbiblioteket og Fakultetsbiblioteket Rosenborg.

Teknologibiblioteket

Målgruppa er i hovudsak studentar og tilsette ved Fakultet for ingeniørvitenskap og teknologi og Fakultet for informasjonsteknologi, matematikk og elektroteknikk, og held til i 1.etasje i Hovudbygningen på Gløshaugen.

Biblioteket vart oppretta i 1912. Teknologibiblioteket har ein av dei største samlingane av teknologisk litteratur i Noreg, men har òg litteratur som dekkjer andre fagområde.

Økonomibiblioteket

Målgruppa for dette biblioteket er i hovudsak studentar og tilsette ved Fakultet for økonomi, som mellom anna inneheld NTNU Handelshøgskulen.[6]

Remove ads

Historie

  • DKNVS
  • rolla som ansvarsbibliotek
  • nedlagde bibliotek
  • sjefar gjennom tidene

Referansar

Loading content...

Litteratur

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads