NUTS
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
NUTS (engelsk Nomenclature of Territorial Units for Statistics, opphavleg frå fransk nomenclature des unités territoriales statistiques) er ein standardkode for administrative understatlege einingar til bruk i Eurostat-statistikk. Standarden blei utvikla av EU, og dekkjer derfor berre medlemslanda i detalj. Eurostat har òg utvikla eit hierarki for alle søkjarland etter 1980, men denne delen av standarden er ikkje endeleg fastlagd. Kodane treng ikkje å samsvare med dei reelle administrative einingane i landa. Dette kjem mellom anna av at ein ved grenseendringer ofte held fast ved dei gamle einingane i statistisk samanheng, for å kunne samanlikne målingar over tid.
Remove ads
Oppbygnad
- NUTS 0: To bokstavar som identifiserer landet. Denne delen av koden svarer til ISO 3166-1, bortsett frå at Storbritannia bruker UK i staden for GB.
- NUTS 1: Eitt siffer eller éin bokstav som identifiserer ei understatleg eining. Nummereringa startar med 1, og etter 9 held ein fram med bokstavar. Nivået dekkjer dei same einingane som ISO 3166-2, men med andre kodar.
- NUTS 2 / NUTS 3: Nivå under dette blir gitt med siffer. Der det er for mange einingar til å bruke eitt siffer, lagar ein kunstige samanslutningar av einingar. NUTS 2 vil derfor ofte ikkje referere til eksisterande administrative einingar.[1]
Døme
Til dømes er koden for Portsmouth i England bygd opp slik:[2]
- UK: Storbritannia
- UKJ: Regionen Søraust-England
- UKJ3: Hampshire and Isle of Wight
- UKJ31: Portsmouth
Remove ads
Utanfor EU
Den tilsvarande standarden i Sambandsstatane heiter FIPS.
Avvik
Det er nokre avvik i koden:
- Gibraltar har koden E021, som syner at området ligg utanfor EU.
- Fransk Guyana er lista både som FR930 (under Frankrike) og som AS13 (under Sør-Amerika)
Norsk bruk
I norsk statistikk svarer fylka til NUTS 3-nivået. Statistisk sentralbyrå har òg produsert statistikk på NUTS 2-nivå, med ei inndeling av Noreg i sju regionar.[2] SSB har òg gjort framlegg om ei inndeling på NUTS 4-nivå, med Noreg delt inn i 90 økonomiske regionar.[3] Eurostat opererer ikkje med NUTS 4, men har i staden to lokale inndelingar, LAU1 og LAU2 (frå engelsk Local Administrative Unit). Norske kommunar ville tilsvare NUTS 5-nivå, eller LAU2.[4]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads