Nahf
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nahf (arabisk نحف, Naḥf eller Nahef; hebraisk נַחְף)[1] er ein arabisk by i Nord distrikt Israel. Han ligg mellom nedre og øvre Galilea, kring 23 km aust for Akko. I 2011 hadde byen eit folketal på 7 800.[2]
Remove ads
Historie
Landsbyen er gammal og har ruinar frå romersk tid og mellomalderen. Han vart kalla «Nef» i krossfarartida.[3][4][5] I 1250 vart han nemnd i lag med Beit Jenn, Jalun og ander stader i området som ein del av området som høyrte til Den tyske riddarordenen.[6][7]
Eit kart frå 1799 av Pierre Jacotin synte staden, kalla «Nafeh».[8] Då Victor Guérin vitja Nahf i 1875, skildra han landsbyen som ein stad med 400 muslimar og somme gresk-ortodokse familiar,[9] medan Nahf i 1881 vart skildra som ein landsby bygd av stein med 200 muslimar, oliven og dyrkbar mark.[10]
Det britiske mandatet
I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Nahf eit folketal på 818, to jødar, seks kristne og 810 muslimar,[11] som i folketeljinga i 1931 hadde auka til 994, alle muslimar, i 194 hus.[12]
I 1945 var folketalet i Nahf 1 320, alle arabarar, som eigde 15 745 dekar land i følgje ei offisiell landmåling.[13] 1 088 dekar var plantasjar og irrigert land, 4 571 nytta for korn,[14] medan 44 dekar vart utbygd (urbant) land.[15]
1948 og tid etter
Nahf vart erobra av Israel den 18. juli 1948 under Operasjon Dekel leia av Sheva-brigaden. Den lokale militsen i landsbyen og frivillige i Den arabiske frigjeringshæren var med på å forsvare landsbyen. Byen vart ståande intakt og få av innbyggjarane flykta frå heimane sine. Folkesetnaden vart verande i unntakstilstand fram til 1966.
Remove ads
Sjå òg
- Arabiske stader i Israel
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads