Narrmarihand

planteart From Wikipedia, the free encyclopedia

Narrmarihand
Remove ads

Narrmarihand (Anacamptis morio) er ei plante i narrmarihandslekta Anacamptis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]

Narrmarihand

Status i verda: NT Nær truga
Status i Noreg: CR Kritisk truga Thumb

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt:Anacamptis
Art: A. morio
Vitskapleg namn
Anacamptis morio
(Linné) R.M.Bateman, Pridgeon & M.W.Chase
Økologi
Habitat: havnær grasmark
Utbreiing: Europa, vestlege Asia, nordlege Afrika
Remove ads

Utsjånad

Narrmarihand kan bli opp mot 30 centimeter høg og har eit lite aks med fiolettfarga blomar, som har ei stor og brei, tredelt leppe. Eit kjennemerke på arten er dei stripete teikningane på dei to kronblada som danner «øyrene» på blomen.

Systematikk

Narrmarihand var tidlegare knytt til vårmarihandslekta Orchis med namnet Orchis morio,[2] men er, saman med fleire andre artar, flytta til slekta Anacamptis.[3][4][5]

Utbreiing

I Nord-Europa er narrmarihand bunden til grasmark nær havet. I sørlegare område kan han òg vekse på grasmark i høgareliggjande område. I Noreg veks han berre i eit lite område mellom Grimstad og Lillesand, og aldri mange meter frå havet.[6] Narrmarihand er freda,[7] og er på Norsk raudliste for artar oppgradert i 2021 frå sterkt truga til kritisk truga (CR).[8]

Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn göknycklar)[9] og i Danmark (NT, dansk namn salepgøgeurt).[10]

Narrmarihand (engelsk namn green-winged orchid) veks spreidd over det meste av Dei britiske øyane, vanlegast i søraust. I den britiske raudlista har arten status som nær truga (NT).[11] Lokalt er han rekna som sårbar (VU) i England,[12] nær truga (NT) i Skottland[13] og livskraftig (LC) i Wales.[14] I den irske raudlista har arten status som sårbar (VU).[15]

I Estland (estisk namn arukäpp) veks narrmarihand spreidd vest på Saaremaa og er rekna som sterkt truga (EN).[16] I Latvia (latvisk namn zalkšu dzegužpuķe)[17] er arten svært sjeldan og finst berre som einskildindivid og i små grupper nær kysten. På den latviske raudlista er han klassifisert som sterkt truga (kategori 1 – draud iznīkšana).[18] I Litauen (litauisk namn mažasis anakamptis) har arten vore funne spreidd over heile landet, men er i sterk tilbakegang og er no rekna som kritisk truga (CR).[19][20]

I Benelux var arten (nederlandsk namn harlekijn, fransk namn orchis bouffon) tidlegare å finne spreidd over det meste av Nederland, men er i svært sterk tilbakegang. Han er no sjeldan på dei vestfrisiske øyane og svært sjeldan nær kysten i sørvest og i Limburg. I Flandern i Belgia har han truleg no berre ein veksestad i innlandet og var sist registrert i sanddyneområdet ved kysten i 1980. I Vallonia er han svært sjeldan i kalksteinsområdet Famenne i sør.[21][22] I den nederlandske raudlista er arten rekna som sterkt truga (EN, bedreigd).[23] I Belgia er han (som Orchis morio) rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd) i Flandern og sterkt truga (EN, en danger) i Vallonia.[24][25] I Luxembourg er han (som Orchis morio) rekna som sterkt truga (EN).[26]

Remove ads

Hybridar

På Dei britiske øyane er det påvist at narrmarihand kan danne hybridar med Anacamptis laxiflora (Anacamptis laxiflora × morio, òg kalla Anacamptis ×alata).[27] Hybriden er påvist på Jersey og Guernsey.[28]

Narrmarihand kan òg danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med vårmarihand (Anacamptis morio × Orchis mascula eller ×Anacamptorchis moriorides).[29] Hybriden er observert sporadisk i England og Wales,[28] medan det er uvisst om ei registrering i Småland i Sverige er reell.[30] I Nederland var det kring 1920 nokre funn av hybriden med nominatunderarten av kongsmarihand (Anacamptis morio × Dactylorhiza majalis ssp. majalis eller ×Dactylocamptis boudieri).[31][32]

Remove ads

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads