Narrmarihandslekta
planteslekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Narrmarihandslekta (Anacamptis) er ei slekt i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]
Narrmarihandslekta | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Anacamptis | ||
Artar i Noreg | |||
| |||
Vitskapleg namn | |||
Anacamptis
Rich. | |||
Økologi | |||
Utbreiing: | Europa, vestlege Asia, nordlege Afrika |
Remove ads
Systematikk
På verdsbasis har narrmarihandslekta vore ei slekt med berre ein art, men eit titals artar som tidlegare var i vårmarihandslekta Orchis, er no flytta over hit.[2][3][4][5] Berre ein art, narrmarihand, er representert i Noreg, medan eit par til er å finne elles i Norden.[6][7][8]
Etymologi
Namnet Anacamptis kjem frå det greske verbet anakámpto (ανακάμπτω), som tyder å svinge opp eller bakover.
Artar
Artsdatabanken opererer med ein art i Noreg:[6]
- narrmarihand (A. morio)
Arten er på Norsk raudliste for artar (2021) oppgradert frå sterkt truga til kritisk truga (CR).[9]
I tillegg finst desse artane elles i Norden:
- myrmarihand (A. palustris), i Sverige (VU)[7]
- salepsrot (A. pyramidalis), i Sverige (LC)[7] og Danmark (VU)[8]
På Dei britiske øyane finst òg:
- A. laxiflora, berre på Jersey og Guernsey[10]
I Baltikum har ein art til vore registrert:
- A. coriophora, i Estland og kanskje i Litauen, men utdøydd båe stader[11][12]
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads