Navahofolk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Navahofolk
Remove ads

Navahofolk eller navahoar er ei stamme av eit urfolk i USA. Navahoane held til i grenseområdet mellom dei amerikanske statane Arizona, Utah og New Mexico. Ein stor del av navahoane bur på Navajo-reservatet i dette området. Reservatet dekker omtrent 70 000 km². Navahostamma er den største urfolknasjonen i Nord-Amerika og tel meir enn 300 000 medlemmar.[1][2][3]

For språket, sjå navajo.
Thumb
Ein navahofamilie utanfor vinterbustaden.
Remove ads

Namn

Ordet «navaho» kjem frå hopi-språket, og tyder «tjuv». Hopiane var dominerande i sørvestområdet før navahoane kom hit, og gav nykomarane dette namnet. Når det vert stava navajo, kjem det av spansk ortografi - J-en skal uttalast som ein litt raspande h.

På sitt eige språk navaho kallar folkegruppa seg «diné», som tyder «folket». I dag ynskjer mange navahoar å kallast diné.[4]

Geografi

Navaho-reservatet er i nordausthjørnet av Arizona, men strekkjer seg òg inn i Utah og New Mexico. Innanfor reservatområdet finn ein hopi-reservatet, Canyon dei Chelly og Monument Valley.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads