Navaho

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Navaho (engelsk/spansk navajo, heimnamn diné bizaad) er eit athabaskisk språk snakka av navahofolk i Arizona, New Mexico og Utah i USA. Det blir tala av rundt 170 000, og er dermed det mest tala av urfolkspråka i USA.

Kjappe fakta

Navaho er nært i slekt med den vestre dialekten av apache.

Remove ads

Fonologi

Navaho har rundt 33 ulike konsonantlydar og tolv vokallydar.[2] Det er eit tonespråk med fire tonar (høg, låg, stigande og fallande).

Skrift

Språket blir skrive med det latinske alfabetet. Ein bruker apostrof til å markera glottal plosiv og ejektive konsonantar (t’, k’, ts’). Ein palatal lateral lyd blir markert med ł, medan cedille blir brukt til å visa nasalisering. Akutt aksent viser høg tone. Lang vokal markerer ein ved å bruka to vokalar etter kvarandre. Dei lange vokalane blir forlenga om dei er følgde av ein glottal plosiv eller [d].[2]

Remove ads

Historie

Forløparen til navaho skilde seg frå andre apachespråk for rundt tusen år sidan. Med utgangspunkt i noverande Canada vandra talarane sørvest til dei enda opp i det noverandre navahoområdet, Dinetah, rundt 1300.[2]

Talet på navahotalande fall kraftig som følgje av europeisk kolonisering, men til forskjell frå mange andre urfolkspråk i USA tok navaho seg opp att, og vekte ny interesse på 1900-talet. Under andre verdskrigen blei språket brukt til å laga ein uløyseleg kode for radiosendingar.

Bruk

Sjølv om navaho har over 100 000 talarar, og er rekna som det USA-amerikanske urfolkspråket som står sterkast, er bruken dalande. Stadig fleire navahobarn veks opp som einspråkleg eller hovudsakleg engelsktalande. Navaho blir derfor rekna som eit truga språk. Radiosendingar på navaho og immersjonsprogram i barnehagar er tekne i bruk for å hjelpa språket til å overleva.[2]

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads