Needles and Pins
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Needles and Pins» er ein song skriven av Jack Nitzsche og Sonny Bono. I sjølvbiografien skriv Bono at han song i lag med gitarspelinga til Nitzsche, og skapte både melodien og teksten ved hjelp av akkordane.[2]
Songen vart først spelt inn av Jackie DeShannon. Andre hitversjonar av songen vart spelte inn av The Searchers, Cher, Tom Petty and the Heartbreakers med Stevie Nicks, Willie DeVille, Gary Lewis & the Playboys, Smokie, the Turtles, Ultima Thule og Ramones. Han vart ein stor hit som gjekk heilt til topps i Frankrike då han vart sungen på fransk av Petula Clark kalla «La Nuit N'en finit Plus».
Remove ads
Jackie DeShannon-versjonen (1963)
Songen vart først spelt inn av Jackie DeShannon i 1963. I USA nådde han 84. plassen på Billboard Hot 100 i mai det året.[3] Sjølv om han berre vart ein mindre hit i USA, toppa DeShannon-versjonen singellista i Canada i 1963.
The Searchers-versjonen (1964)
The Searchers høyrte den britiske artisten Cliff Bennett spele «Needles and Pins» på ein klubb i Hamburg, og ønskte raskt å spele han inn sjølv.[4] Singelen vart gjeven ut på Pye Records i januar 1964.[1] Han gjekk heilt til topps i Storbritannia,[1] Irland og Sør-Afrika og nådde 13. plassen på Billboard Hot 100-lista i USA. Kort tid etter, i april 1964, kom «Needles and Pins» med på det neste albumet til The Searchers, It's the Searchers.
Ein kan høyre knirkinga frå basstrommepedalen gjennom heile innspelinga, særleg i starten av songen.
Remove ads
Smokie-versjonen (1977)
I 1977 spelte det engelske rockebandet Smokie inn songen som ein rockeballade for albumet Bright Lights and Back Alleys, og fekk ein hit i Europa med songen. Songen gjekk til topps i fleire europeiske land.
Ramones-versjonen (1978)
The Ramones spelte inn «Needles and Pins» i 1978 på album Road to Ruin.
Tom Petty and the Heartbreakers-versjonen (1985)
Tom Petty and the Heartbreakers gav ut det første konsertalbumet sitt i 1985, Pack Up the Plantation: Live!, der songaren frå Fleetwood Mac, Stevie Nicks song på «Needles and Pins» med Tom Petty i the Forum i Los Angeles i California.
Remove ads
Genesis-referanse
Songen vert referert i Genesis-songen «Broadway Melody of 1974» frå albumet The Lamb Lies Down on Broadway. Teksten går slik: «And as the song and dance begins, the children play at home with needles...Needles and pins» der linja «Needles and pins» vert sungen med dei originale tonane frå songen.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads