Negidalsk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Negidalsk er språket til det sibirske urfolket negidalane. Språket høyrer til den tungusiske språkfamilien. Det finst to dialektar: Øvre og nedre negidalsk. Nedre negidalsk er påverka av evenkisk. Ved den russiske folketeljinga i 2010 vart det registrert 74 talarar av negidalsk. Folkegruppa talde 513 personar.[1] Dei tilsvarande tala i 2002 var om lag 200 talarar av negidalsk, av ei folkegruppe på 567 personar. Dei fleste negidalane (94 % av folkegruppa i 2010) bur i Khabarovsk kraj heilt aust i Russland, ved dei nedre delane av Amurelva.

Kjappe fakta
Remove ads

Fotnotar

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads