Neil Peart

From Wikipedia, the free encyclopedia

Neil Peart
Remove ads

Neil Ellwood Peart (12. september 19527. januar 2020) var ein kanadisk musikar og forfattar. Han var trommeslagar og tekstforfattar for rockebandet Rush. Peart fekk mange prisar for spelinga si og var kjend for den tekniske dugleiken og uthaldande stilen sin.[1]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Peart voks opp i Port Dalhousie i Ontario (i dag ein del av St. Catharines). Då han vart voksen dreiv han frå band til band i området med ønske om å spele trommer på fulltid. Etter ein mislukka periode i England for å konsentrere seg om musikken sin, reiste Peart heim, der han vart medlem av eit lokalt band i Toronto, Rush, sommaren 1974.

Tidleg i karrieren hans hadde stilen til Peart djupe røter i hardrock. Han var mest inspirert av trommeslagarar som Keith Moon og John Bonham, trommeslagarar som var fremst i det britiske hardrockmiljøet.[2] Etter kvart prøvde han å etterlikne jazz- og storbandmusikarane Gene Krupa ogBuddy Rich. I 1994 vart Peart ven og elev hos jazzinstruktøren Freddie Gruber.[3] Det var på denne tida Peart starta å endre stilen sin med å ta inn element av jazz og swing.

I tillegg til å vere musikar var Peart òg forfattar og har publisert fleire memoarar frå reisene sine. Peart var òg den fremste tekstforfattaren til Rush. I tekstane for Rush har han skrive om universelle tema og forskjellige tema som science fiction, fantasy og filosofi, samt verdslege, humanitære og liberale tema. Alle dei fem bøkene hans er reisebøker, men ein får òg innblikk i livet hans.

Remove ads

Prisar

Peart har fått følgjande prisar hos lesarane av magasinet Modern Drummer:[4]

  • Hall of Fame: 1983
  • Best Rock Drummer*: 1980, 1981, 1982, 1983, 1984, 1985, 1986, 2006, 2008
  • Best Multi-Perkusjonist*: 1983, 1984, 1985, 1986
  • Best Percussion Instrumentalist: 1982
  • Most Promising New Drummer: 1980
  • Best All Around: 1986
  • 1986 Honor Roll: Rock Drummer, Multi-Percussion
  • Best Instructional Video: 2006, for Anatomy of A Drum Solo
  • Best Drum Recording of the 1980s, 2007, for "YYZ" from Exit...Stage Left

I lag med kollegaene i Rush, Lee og Lifeson, vart Peart offiser i Order of Canada i 1996.[5] Peart was inducted into the Canadian Songwriter Hall of Fame along with bandmates Lifeson and Lee.[6]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads