Hold Your Fire
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hold Your Fire er det 12. albumet av det kanadiske progressive rockebandet Rush. Albumet vart utgjeve i 1987 på Mercury Records.
Sjølv om Hold Your Fire inneheld så godt som like mykje synthesizerar som føregangaren, Power Windows, er gitarriffa og soloane meir fremstående på fleire av songane på dette albumet.
Når det kom til tekstene på dette albumet fortsette Rush å utforske nye territorium, songen «Tai Shan» er til dømes inspirert av austen. «Lock and Key», «Force Ten», og «Time Stand Still» er nokre av Rush's største hit si frå albumet, medan «Mission» og «Prime Mover» inneheld mange likskapar med Power Windows. På «Time Stand Still», «Open Secrets» og «Tai Shan» får Rush hjelp av 'Til Tuesday-vokalist og bassist Aimee Mann med noko av vokalen i songen.
Hold Your Fire selde dårleg samanlikna med andre Rush-album. Det nådde 13. plass på Billboard 200-lista i USA og det var første gongen Rush ikkje nådde Topp 10 der sidan Hemispheres i 1978.[4] Albumet selde til gullplate i USA, kort tid etter det kom ut, men nådde ikkje platinaplate, som det første Rush-albumet sidan Caress of Steel frå 1975.[5]
Remove ads
Innhald
All tekst skriven av Neil Peart utanom "Force Ten" av Peart og Pye Dubois; all musikk komponert av Geddy Lee og Alex Lifeson
Medverkande
Rush
- Geddy Lee – bassgitar, synthesizerar, vokal
- Alex Lifeson – gitarar
- Neil Peart – trommer, perkusjon
Andre medverkande
- Aimee Mann – vokal
- Andy Richards – tangentinstrument, synthesizerprogrammering
- Steven Margoshes – arrangement og dirigent
- The William Faery Engineering Brass Band arrangert og dirigert av Andrew Jackman
Lister
Album
Salstrofé
Land | Organisasjon | Sal |
USA | RIAA | Gull (500 000)[5] |
Canada | CRIA | Platina (100 000)[11] |
Storbritannia | BPI | Silver (60 000)[12] |
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads