Neptune Range

From Wikipedia, the free encyclopedia

Neptune Range
Remove ads

Neptune Range er ei 112 km lang fjellkjede som ligg vest-sørvest for Forrestal Range sentralt i Pensacolafjella i Antarktis. Fjellkjeda består av Washington Escarpment med tilknytte ryggar, dalar og toppar, Iroquois Plateau og Schmidt og Williams Hills. Ho vart oppdaga og fotografert den 13. januar 1956 under ein flytur over kontinentet under Operasjon Deep Freeze frå McMurdo Sound til Weddellhavet og attende.

Kjappe fakta Land, Stad ...

Ho vart namngjeven av US-ACAN etter flytypen 2V-2N Neptune som vart nytta under denne flyturen. Heile Pensacolafjella vart kartlagde av USGS i 1967 og 1968 frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy i 1964.[1]

Remove ads

Fjell

  • Astro Peak er ein fjelltopp på 835 moh., 1,5 km vest for Berquist Ridge. Det fekk dette namnet av US-ACAN fordi USGS oppretta ein astronomisk kontrollstasjon på toppen her i 1965-66.[2]
  • Mount Dasinger er eit fjell på 1360 moh., 11 km nordaust for Neith Nunatak nord i Neptune Range. Det vart kartlagt av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1956-66. Det vart namngjeve av US-ACAN etter løytnant James R. Dasinger i US Navy som var ved Ellsworth-basen vinteren 1958.[3]
  • Gillies Rock er ei isolert klippe som ligg 11 km nord for Mount Dasinger. Ho vart kartlagd av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1956-66. Klippa vart namngjeven av US-ACAN etter Betty Gillies, ein radiotelegrafist frå San Diego i California som fleire år frå 1969-70 ordna telefonkoblingar for mannskapa i Thiel Mountains, Pensacolafjella og andre stader i Antarktis.[4]
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads