Nervous Shakedown
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
«Nervous Shakedown» er ein song av AC/DC frå albumet Flick of the Switch, gjeve ut i 1983. Han var skriven av Angus Young, Malcolm Young og Brian Johnson. Songen nådde 35. plassen på den britiske singellista og låg inne på lista i fem veker.[2] Han nådde òg 20. plassen i Irland.[3]
«Nervous Shakedown» vart gjeven ut på ein maxi-singel eller EP i 1984. Songane på denne utgjevinga er: A1. «Nervous Shakedown»; A2. «Rock And Roll Ain't Noise Pollution» (live Detroit '83); B1. «Sin City» (live Detroit '83); B2. «This House Is on Fire» (live Detroit '83).
Det vart laga to videoar for songen. Den første videoen vart filma på same settet og i same formatet som vidoane for «Flick of the Switch» og «Guns For Hire». Det vart òg laga ein annan versjon filma på scenen på Joe Louis Arena i Detroit, under ei øving før ein konsert.
Remove ads
Medverkande
- Brian Johnson – solovokal
- Angus Young – sologitar
- Malcolm Young – rytmegitar, korvokal
- Cliff Williams – bassgitar, korvokal
- Phil Rudd – trommer
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads