Songen Flick of the Switch

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Flick of the Switch» er ein song av det australske rockebandet AC/DC, frå albumet Flick of the Switch, gjeve ut i 1983.[1] Han vart skriven av Angus Young, Malcolm Young og Brian Johnson.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Han vart berre gitt ut som singel i enkelte territorium, hovudsakleg Australia, Canada og USA.

Remove ads

Musikkvideo

Musikkvideoen til låten «Flick of the Switch» vart laga i eit liknande format som musikkvideoane til albumet Back in Black. Videoen viser bandet som speler låten inne i det som seinare viste seg å vera ein stengd flyhangar, omgitt av flykassar med AC/DC-logoen måla på. Nokre versjonar av videoen startar med eit kort klipp frå eit øvingsopptak av bandet som viser Angus som øver på dansetrinn til striptease på scena, medan ein av bandmedlemmane, truleg Brian Johnson, syng i bakgrunnen og resten av bandet ler. Videoen på DVD-en Family Jewels' fjernar likevel dette.

Malcolm Young sa seinare om den enkle tilnærminga til videoen: «Me sa rett og slett til filmteamet: 'Me spelar - de filmar. Gå rundt bandet - gjer kva faen de vil. Me vil berre ha det gjort i dag.»

Trommeslagar Phil Rudd hadde forlate bandet då videoen vart spelt inn, og erstattaren hans Simon Wright er med i staden.

Remove ads

Medverkande

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads