Nes kommune

kommune i Akershus fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Nes kommune
Remove ads

Nes kommune er ein kommune i Akershus fylke, som grensar i nord til Eidsvoll og Nord-Odal, i aust til Sør-Odal og Eidskog, i sør til Aurskog-Høland og Lillestrøm, og i vest til Ullensaker.

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Nes.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Historie

Tettstaden Vormsund var det opphavlege kommunesentret i Nes herad, men stasjonsbyen Årnes overtok gradvis etter at Kongsvingerbanen vart bygd. I dag finn ein rådhus og kommunesentrum i Årnes, som opphavlege var kapellani under det dåverande hovudsoknet Nes med sentrum ved Vormsund. I dag er Årnes prostesete for prosten i Østre Romerike prosti. Kampå i Fenstad, Brårud, Opakermoen og Skogrand i Skogbygda (Ingeborgrud) er mindre tettstader i nordre og austre del av kommunen og i sør og i aust ligg dei større byggjefelta Aulifeltet, Tomteråsen, Neskollen og tettstaden Haga. Svanfossen som regulerer Noregs største innsjø Mjøsa ligg i Fenstad. Årnes er framleis kjenneteikna som ein stasjonsby frå det 19. hundreåret, medan Nes hovudsokn er utprega med monumentalbygningar i og omkring Vormsund, bl.a Nes kyrkjeruinar, Nes kyrkje, Ullershov og Disen gardar.

Remove ads

Tusenårsstad

Tusenårsstaden i Nes er Nes kyrkjeruinarVormsund, der Glomma og Vorma møter kvarandre. Kyrkja vart bygd på 1100-talet som ei av tre fylkeskyrkjer på Romerike. Ho ligg i dag i ruinar, men desse blir brukt til gudstenester, bryllaup og konsertar.

Attraksjonar

Thumb
Auli Mølle ved Auli i Nes
Foto: Tommy Gildseth
Thumb
Udenes kyrkje
Foto: Tommy Gildseth

Nes samlingar

  • Nes kyrkjeruinar – sjå ovanfor
  • Stein skole – også kjent som Eventyrskolen
  • Funnefoss industriarbeidermuseum – det gamle tresliperiet med arbeidarbustader
  • Arbeidersmåbruket Furuset – småbruk frå 1909, halde i stand slik det var den gongen
  • Auli mølle – den gamle mølla på Auli er framleis i driftsklar stand

Andre attraksjonar

  • Disen – prestegard for Nes prestegjeld.
  • Gamle Hvam Museum – museum der ein finn den store gamle ærverdige garden Store Hvam med dei bygga som høyrer til
  • Svanfoss sluse – sluse som ligg i Fenstad

Media

Raumnes er lokalavisa for Nes på Romerike og vert gjeven ut tre gonger i veka. Romerikes Blad og Glåmdalen har avdelningskontor på Årnes.

Kjende nesbuar

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads