Nestor

slekt av papegøyefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Nestor
Remove ads

Den biologiske slekta Nestor er ei av to slekter i familien Strigopidae, nyzealandske papegøyar. Slekta Nestor samlar to nolevande papegøyeartarNew Zealand, ein utdøydd artNorfolkøya[1] og ein mogleg tidlegare art på Chatham-øyane.[2] Alle artane er store tettvaksne fuglar med korte, rett avkorta halar. Eit karakteristisk trekk for slekta er tunga deira, med hårliknande frynsar på tuppen.[3] Den overflatiske likskapen denne tunga har med tunga til loriar har fått nokre taksonomar å vurdere dei to gruppene nært nærskylde, men DNA-prov viser at det ikkje er tilfellet.[4][5]

Kjappe fakta
Remove ads

Klassifikasjon

Alle dei fire artane i slekta Nestor er trudd å stamme ned frå ein 'proto-Kākā' som levde i skogane på New Zealand for 5 millionar år sidan.[4][6] Den næraste slektningen er Kakapo (Strigops habroptila).[4][6][7][8] Saman utgjer dei Strigopidae, nyzealandske papegøyar,[1] som utgjer ei gamal gruppe som splitta ut frå alle andre papegøyar før den adaptive strålinga tok til.[4][6][8]

Artsoversyn

Det er to overlevande artar og minst ein veldokumentert utdøydd art i slekta Nestor. Det finst lite kunnskap om den fjerde arten, kaka på Chatham-øyane, som kan ha vore konspesifikk med ein annan kakaart.

Nestor

  • Kea, Nestor notabilis
  • Kaka, Nestor meridionalis
    • North Island kaka, Nestor meridionalis septentrionalis
    • South Island kaka, Nestor meridionalis meridionalis
  • Norfolk kaka, Nestor productus (utdøydd)
  • (Chatham kaka, Nestor .... mogleg tidlegare art, utdøydd)[2]
Remove ads

Status

Thumb
Utbreiing av nolevande artar, så vel som tidlegare utbreiing av utdøydde øyartar

Det siste kjente individ av Norfolk Kaka døyde i fangenskap i London ein gong etter 1851,[9] og berre mellom sju[10] og 20[11] skinn er tatt vare på. Chatham kaka døydde ut i føreuropeiske tidsperiode, men etter polynesisk kolonisering av øya, mellom 1550 og 1700, og er berre kjent frå subfossile beinfunn. Fuglen kaka er lista med status sterkt truga - EN,[12][13] og kea er lista med status sårbar - VU.[14][15]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads