Neu! 2

studioalbum av Neu! From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Neu! 2 er det andre studioalbumet til krautrockbandet Neu!. Det vart seplt inn i januar 1973 ved Windrose-Dumont-Time Studios i Hamburg i Tyskland, miksa i februar 1973 i same studio og gjeve ut seinare i 1973 på Brain Records. Det vart offisielt gjeve ut på CD første gong på Astralwerks i mai 2001. Piratkopiar fanst på CD i 1990-åra.

Meir informasjon -kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Oversyn

Dette albumet fokuserte vidare på den klassiske krautrock-stilen til Neu! med den 11 minuttar lange «Für immer» som eit særleg godt døme stilen deira, med ein tilsynelatande endelaus framoverdriven rytme spelt av Dinger (den såkala motorik-rytmen) og den lagvise gitaren til Rother med flytainde linjer og eintonige harmoniske strukturar.

Side to av plata var særs uventa på den tida. Neu! hadde rett og slett gått tom for pengar og hadde ikkje råd til å spele inn nok songar for albumet. Side to består derfor utelukkande av forskjellige manipulerte versjonar av singelen «Neuschnee/Super», spelt av på forskjellig snøggleik eller ved at dei øydela kassettbandet. Kritikarane på denne tida avskreiv dette som eit billig triks. Sjølv om eksperimentet i røynda var naudsynt og eit desperat trekk, så høvde det godt inn i pop art-estetikken til Neu! Dinger har sidan sagt at side to av dette albumet er eit tidleg døme på remixing.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Bandmedlemmar
  • Michael Rother – gitar, bassgitar, klaverinstrument, zither, perkusjon, elektronikk, bandopptakar
  • Klaus Dinger shamisen (japansk banjo), 11-strengsgitar, trommer, perkusjon, Farfisa elektrisk piano, vokal, elektronikk, bandopptakar
Andre medverkande

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads