Michael Rother
tysk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Michael Rother (fødd 2. september 1950) er ein tysk eksperimentell krautrock-musikar og komponist.
Remove ads
Tidleg liv
Rother vart fødd i 1950 og gjekk på skule i München, Wilmslow (England), Karachi og Düsseldorf. Han budde òg i Pakistan tidleg i 1960-åra, der han vart eksponert for pakistansk musikk som skulle kome til å påverka hans eigen musikk seint i 1960- og tidleg i 19970-åra.[1] Frå 1965 spelte Rother i bandet Spirits of Sound og frå dette bandet skulle andre medlemmar seinare starte Kraftwerk og Wunderbar.
Remove ads
Musikkarriere


Rother spelar mange instruement (hovudsakleg gitar og klaverinstrument) og i tillegg til mange soloalbum frå 1977 og frametter, er han mest kjend for å ha starta den tyske gruppa Neu! med trommeslagar Klaus Dinger (fem album mellom 1971 og 1996), og for samarbeidet sitt med Hans-Joachim Roedelius og Dieter Moebius (kalla Cluster) under namnet Harmonia (to album, 1974 og 1975, og seinare studioinnspelingar i 1976 med Brian Eno).[2] Rother og Dinger spelte begge i ein kortvarig versjona av Kraftwerk i 1971, med Florian Schneider, ein periode då bandmedlemmet Ralf Hütter hadde slutta i bandet for ei stund. Denne varianten av bandet spelte på det tyske TV-showet Beat Club.
Frå seint i 1970-åra byrja Rother å gje ut plater under sitt eige namn: Flammende Herzen (1977), Sterntaler (1978) og Katzenmusik (1979), alle med trommer av Can-trommeslagaren Jaki Liebezeit. Seinare album var Fernwärme (1982), Lust (1983), Süssherz und Tiefenschärfe (1985) og Traumreisen (1987). Rother fekk rettane til dsse utgjevingane seint i 1990-åra og gav dei alle ut på CD, alle med bonusspor. I 1996 gav han ut Esperanza og det nyaste albumet hans er Remember (The Great Adventure) som kom i 2004.
1. juli 2007 vart Michael Rother med Red Hot Chili Peppers for ein live jam mot slutten av konserten deira i Hamburg. I lag spelte dei nesten i 25 minuttar føre 35 000 menneske.[3] I november 2007 turnerte han med Dieter Moebius (eit anna medlem av Harmonia) som Rother & Moebius.[4] 27. november 2007 vart Harmonia samla for ein konsert i Berlin, der dei spelte i lag på scenen for første gong sidan 1976.[5][6]
I 2010 spelte Rother fem konsertar i Europa med Sonic Youth-trommeslagar Steve Shelley og Tall Firs-gitarist Aaron Mullan (som spelte bass i trioen).[7] Denne gruppa, kalla Hallogallo, spelte musikken til Neu! for første gongen på mange år.
Remove ads
Diskografi
- Studioalbum
- Samlealbum
med Neu!
med Harmonia
med Hallogallo 2010
- «Blinkgürtel» (desember 2010, Vampire Blues)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads